Kinn Psykisk helse og rus har avdeling i Måløy og Florø. Psykiske helseproblem og rusmiddelproblematikk oppstår i alle aldersgrupper, og i alle deler av befolkninga. Kinn psykisk helse og rus tilbyr helsehjelp til unge, vaksne og pårørande. Dersom du har utfordringar med din psykiske helse eller rus, kjenner deg deprimert, har angstplager eller har opplevd noko traumatisk, kan du få hjelp gjennom kommunen si psykiske helseteneste.
Gå til søknadsskjema for helsehjelp
Kva kan tenesta hjelpe deg med?
- Førebyggande arbeid for å motverke utvikling av vanskar med psykisk helse og rus
- Samtalar
- LAR-behandling og aktivitetstilbod
- Behandling av milde og moderate psykiske lidingar
- Råd og rettleiing
- Miljøterapi
- Lågterskel gruppe - og aktivitetstilbod
- Koordinering av tiltak og arbeid med individuell plan
- Hjelp og støtte til pårørande; både born og vaksne
- Samarbeid med eit vidt spekter av tenester i og utanfor kommunen, som t.d. fastlege, kommunal helseteneste, barnevern, NAV, spesialisthelsetenesta med fleire
Kva kan du forvente deg av tenesta?
Tenesta er gratis og vi tek raskt kontakt med deg dersom du har uttrykt at du ynskjer hjelp. Saman med deg kartlegg vi kva du ynskjer fokus på i oppfølginga og lagar ein plan for korleis nå måla dine.
Dette forventar tenesta av deg
Det er ditt behov og ynskje for hjelp som ligg til grunn for den tenesta du tek imot.
Søknad
Du kan sjølv ta munnleg eller skriftlig kontakt med tenesta. Det er også vanleg at personar vert søkt inn til tenesta gjennom fastlege, spesialisthelsetenesta, andre kommunale tenester, NAV med fleire.
Gå til søknadsskjema for helsehjelp
Opningstider i Måløy
Kinn psykisk helse og rus, avd. Måløy held til i Sparebankbygget, Gate 1, nr. 57, 4. etasje.
Opningstider frå kl. 08.00 til 20.30 i kvardagar, og frå kl. 10.00 til 17.00 i helger og heilagdagar.
Opningstider i Florø
Kinn psykisk helse og rus, avd. Florø held til på Sunnfjord Medisinske Senter, inngang nord, 3 etasje.
Opningstider frå kl. 8.00 til 21.00 måndag til torsdag, fredag kl. 8.00 - 15.30 og kl. 10.00 til 17.00 i helg og heilagdagar.