Trinn 4 - 4.4.2 - Heimerehabilitering

  • Lovheimel

    Klageveg

    Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.

    KPR/IPLOS-registrering

    Ja. IPLOS tenestetype 4 Re- /habilitering utanfor institusjon. IPLOS kapittel 9 – Rapportering av rehabilitering og habilitering utenfor institusjon.

    Eigenbetaling

    Heimerehabilitering er gratis. Eigenandel på fysioterapidelen kan tilkome inntil frikortgrense etter Helfo sine retningsliner.

    Mål for tenesta/føremål

    • Ein tidsavgrensa planlagde i opp til åtte veker.
    • Tverrfagleg evaluering etter to veker.
    • Prosessar med klare mål.
    • Du har eit dårlegare funksjonsnivå og kvardagsrehabilitering er ikkje mogleg.

    Kriterium for tildeling

    • Det må søkast om tenesta.
    • Det skal ligge føre ei klar målsetting og ein plan med tiltaket.
    • Når det er nødvendig må det ligge føre ei oppdatert vurdering frå lege.
    • Søkar har eit rehabiliteringsbehov som ikkje krev opphald i rehabiliteringssenter eller institusjon.

    Praktiske opplysningar

    • Består av tverrfagleg samansett aktørar.
    • Plass i bustad eller område til å gjennomføre rehabilitering.

    Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer

    Transport og andre utgifter blir ikkje dekka dersom noko av kvardagsrehabilitering/heimerehabilitering skjer utanfor heimen.

    Forventningar til tenesteytar

    • Tenesteytar skal motiverast til rehabilitering.
    • Tenesteytar formidlar innhaldet i vedtaket.
    • Tenesteytar opptrer på ein respektfull måte.
    • Samarbeider med tenestemottakar om målsetting.
    • Ansvar for å involverer rette samarbeidspartar til rett tid.

    Forventningar til tenestemottakar

    • Søkjar må kunne motiverast/ vere motivert for re-/habilitering (ynskje tenesta sjølv).
    • Den enkelte utfører sjølv det hen meistrar.
    • Gjere seg kjend med  innhaldet i vedtaket.
    • Samarbeider med tenesteytar om målsetting.

    Merknad

    Sjå eigen artikkel om tilrettelegging av bustad.

Kontakt

Lene Engebø
Leiar for tildeling
E-post Send e-post til Lene Engebø
Telefon 97 99 18 03