Trinn 4 - 4.4.1 - Brukarstyrt personleg assistanse som organisering av teneste (BPA)

Presisering: BPA er ikkje ei eiga teneste, men ei alternativ organisering av tenesta.

  • Lovheimel

    Klageveg

    Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.

    KPR/IPLOS-registrering

    Ja. IPLOS tenestetype 3 Praktisk bistand – brukerstyrt personleg assistanse. 

    Eigenbetaling

    Ja. Brukar betaler eigenandel for praktisk bistand daglege gjeremål og reinhald, og følgjer gjeldande «gebyr og betalingssatsar i Kinn».

    Mål for tenesta/føremål

    • Bidra til at tenestemottakar får leve og bu sjølvstendig i eigen heim.
    • Brukaren har rolle som arbeidsleiar og tek på seg ansvar for organisering og innhald i høve eigne behov.
    • I særskilte høve kan føresette eller verje vere arbeidsleiar. 

    Kriterium for tildeling

    • Brukar må være i stand til å ta på seg arbeidsleiarrolla- tenesta skal vere reelt brukarstyrt.
    • Brukar har innsikt i eigen situasjon og ressursar til eit aktivt liv i og utanfor bustaden.
    • Det skal vere eit langvarig (over 2 år) og stort (minst 32 timer per uke) behov.
    • Tenestemottar må vere under 67 år for å få tildelt tenesta.
    • Det skal vurderast om desse tenestene kan bidra til å legge til rette for deltaking i arbeidslivet/ utdanning, her under om brukar er i yrkesaktiv alder.
    • Tenesta kan bidra til ivaretaking av foreldreoppgåver i familiar med barn med nedsett funksjonsevne.
    • Bistandsbehovet er så omfattande eller av ein slik art at det meir føremålstenleg kan ivaretakast gjennom BPA enn med tradisjonelle omsorgstenester. 

    Praktiske opplysningar

    • Arbeidsleiing har vore sett på som det sentrale ved BPA. Arbeidsleiar, normalt brukaren sjølv, set opp arbeidsplanar og arbeidstider for assistentane.
    • Rolla som arbeidsleiar vert ikkje løna
    • I særlege høve kan verje eller andre med fullmakt vere arbeidsleiar.
    • Familie og andre nærståande av arbeidsleiar skal generelt ikkje tilsettast som arbeidstakar. Oppdragsgivar kan likevel i det enkelte tilfellet skriftleg tillate bruk av familie og andre nærståande
    • Både kommunen og Statsforvaltar har tilsynsplikt med BPA tiltaka. Kinn kommune vil gjennomføre årlege tilsyn etter gjeldande rutine.
    • Kinn kommune har konsesjonsavtale vedrørande driftig av BPA-tiltaka.

    Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer

    • Helsetenesta er ikkje omfatta av rettigheten.
    • Transport og andre utgifter blir ikkje dekka.
    • Retten omfattar ikkje tenester som krev fleire enn ein tenesteytar til stades eller nattenester, med mindre brukaren kontinuerleg har behov for slike tenester.
    • Retten omfattar ikkje hjelp i høve skule og arbeid. Nav har ansvar for å tilby støtteordningar i høve skule og arbeid.
    • Personar som får tildelt teneste må være i stand til å ta arbeidsleiarrollen eller ha ein nærståande person som kan vere arbeidsleiar.
    • Retten gjeld så lenge tenestemottakar oppheld seg i kommunen.

    Forventningar til tenesteytar

    • Tenesteytar skal sette seg inn i innhaldet i vedtaket.
    • Tenesteytar opptrer på ein respektfull måte.
    • Samarbeider med tenestemottakar.

    Forventningar til tenestemottakar

    • Gjere seg kjend med  innhaldet i vedtaket.
    • Tenestemottakar eller annan medhjelpar tek på seg ansvaret som arbeidsleiar, og har dermed også ansvar for organisering og administrering av tenesta innanfor vedtaket sine rammer.
    • Tenestemottakar eller anna som kommunen godkjenner må ha evne til å kunne ta på seg rolla som arbeidsleiar.

    Merknad

    Du kan lese meir om brukarstyrt personleg assistanse her.

Kontakt

Lene Engebø
Leiar for tildeling
E-post
Telefon 97 99 18 03