Trinn 3 - 4.3.5 - Fritidskontakt

Lovheimel

Klageveg

Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.

KPR/IPLOS-registrering

Ja. IPLOS tenestetype 09. IPLOS kapittel 5 – Behov for bistand og transport til arbeid, utdanning og fritid.

Eigenbetaling

Ja. Tenestemottakaren må dekke eigne utgifter for dei aktivitetane ein ønsker å delta på. 

Mål for tenesta/føremål

Bistå den einskilde til ei meiningsfull fritid og samvær med andre. Ein må ha eit særskilt behov som ikkje blir dekka av sosialt nettverk, frivillige tilbod eller organiserte fritidsaktivitetar.

Eit tilbod på lågare nivå i innsatstrappa, må vere vurdert før fritidskontakt blir vurdert.

Kriterium for tildeling

  • Søkar klarar ikkje å nyttegjere seg av aktivitetstilbod på trinn ein og to i innsatstrappa.
  • Søkar bur utanfor institusjon og heildøgns bemanna bustad (HDO).
  • Behov for ivaretaking av interesser og trening i sosiale ferdigheiter for å auke fysisk og psykisk livskvalitet  grunna funksjonsnedsetting, sosial isolasjon eller psykososiale vanskar som ikkje kan ivaretakast på andre måtar.
  • Søkjar har ikkje familie/nære relasjonar, eller har ein utfordrande familiesituasjon som kan bistå med dette.
  • Det vert vurdert om tiltaket er mest høveleg å organisere i ei gruppe eller på eit allereie eksisterande aktivitetstilbod i kommunen.
  • Det vert vurdert om tiltaket kan organiserast som eit individuelt tilrettelagt tilbod i samarbeid med ein frivillig organisasjon.

Praktiske opplysningar

  • Du kan ha rett på følgekort slik at fritidskontakten får dekka sine utgifter.
  • Gruppetilbod vert prioritert organisert som teneste.
  • Fritidskontakt bør ikkje være i nær familie av søkar.
  • Dersom du flyttar på institusjon eller i HDO vert tenesta avslutta.
  • Dersom du får avslag får du tilbod om samtale med samfunnskoordinator.
  • Sosialt nettverk vil bli kartlagt.

Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer

Fritidskontakt skal ikkje nyttast til å utføre praktiske oppgåver som husarbeid, hagearbeid og liknande.

Forventningar til tenesteytar

Tenesteytar forholder seg til antallet timer som er tildelt.

Forventningar til tenestemottakar

Tenestemottakar forholder seg til antallet timer som er tildelt.

Merknad

Tildeling av timer etter skjønn, ut i frå behov. Lågaste antall tildelte timar er 2 timer kvar 14. dag.

Du kan lese meir om fritidskontakt her.