Trinn 3 - 4.3.4 - Aktivitetstilbod innan psykisk helse og rus

Lovheimel

Klageveg

Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.

KPR/IPLOS-registrering

Ja. IPLOS – tenestetype 4 Dagaktivitetstilbod. IPLOS kapittel 4 – Funksjonsvariablene.

Eigenbetaling

Nei.

Mål for tenesta/føremål

  • Bidra til ein meir aktiv og meiningsfull kvardag.
  • Vere i ein sosial arena og øve på sosiale ferdigheiter.
  • Oppleve samhald og fellesskap.
  • Førebygge psykisk uhelse, isolasjon og einsemd.
  • Oppleve betring av psykisk helse og auka livskvalitet.
  • Førebygge behov for ytterlegare tenester.

Kriterium for tildeling

  • Du klarar i liten grad å nyttegjere deg av aktivitetstilbod på trinn ein og to i innsatstrappa.
  • Du har behov for å delta på aktivitetstilbodet grunna utfordringar med di psykisk helse, og/eller rus. Du har eller har hatt teneste hjå avdeling Kinn psykisk helse og rus.
  • Tenesta er hjelp til ivaretaking av eiga helse, sosial støtte og aktivisering.
  • Tenesta skal bidra til auka livskvalitet og meistring i eige liv.

Praktiske opplysningar

  • Tenesta er gratis.
  • Ein må sjølv syte for transport til og frå aktivitetstilboda.
  • Kommunen har høve til å avgrense tilbodet etter faglege vurderingar.

Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer

Tenesta inkluderer ikkje transport og mat. 

Forventningar til tenesteytar

Legge til rette for at tenesta har eit godt og meiningsfullt innhald. 

Forventningar til tenestemottakar

  • Du må nyttegjere deg av tenesta.
  • Dersom du ikkje nyttar tenesta, kan tilbodet falle heilt eller delvis vekk.
  • Du må gjere deg kjend med innhaldet i vedtaket. 

Merknad

Det kan vere ulike aktivitetstilbod i Måløy psykisk helse og rus, og Florø psykisk helse og rus. I Florø har vi eit aktivitetstilbod tilknytt LAR-utlevering.

Les meir om tenesta for psykisk helse og rus her.