Trinn 3 - 4.3.16 - Omsorgsbustad

  • Lovheimel

    Klageveg

    Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5. FVL § 28.

    KPR/IPLOS-registrering

    Ja. IPLOS tenestetype 29 – Bolig som kommunen disponerer for helse- og omsorgsformål. IPLOS kapittel 12 – Boligopplysninger – beboer har inngått husleigekontrakt og betaler husleie.

    Eigenbetaling

    Ja. Husleige etter ein kvar tid gjeldande «gebyr og betalingssatsar i Kinn». 

    Mål for tenesta/føremål

    Føremålet med omsorgsbustader er å kunne tilby innbyggarar med nedsett funksjonsnivå tilrettelagt bustad, slik at desse kan ha eit mest mogleg sjølvstendig liv.

    Kriterium for tildeling

    • Tildeling av teneste skjer på bakgrunn av søknad som vert handsama av tildelingseininga og som resulterer i einskildvedtak.
    • Personar med samtykkjekompetanse må sjølv ynskje tenesta.
    • Alle andre tiltak lågare på omsorgstrappa skal vere utprøvd.
    • Det må vere eit omfattande hjelpebehov og man vil få vedtak på ulike tenester etter behov i tillegg til omsorgsbustaden.
    • Søkar må vere over 18 år, og ha vore folkeregisterført i kommunen i minimum dei to føregåande åra
    • Søkar har helsesvikt og/eller er fysisk eller psykisk funksjonshemma.
    • Noverande bustad kan i liten eller ingen grad tilpassast og privat markand er prøvd ut.
    • Tildeling av omsorgsbustad kan hindre eller utsette behov for institusjonsopphald, og gje søkar auka sjølvstende i eigen kvardag.

    Praktiske opplysningar

    • Leigeforholdet vert regulert av Husleigelova.
    • Leigeavtale vert inngått med kommunen.
    • Leigetakar kan søke bustønad.
    • Tenestemottakar må sjølv møblere bustaden og ha eiga innbuforsikring.
    • Tepper er ikkje ønskeleg.
    • Tenestemottakar må sjølv melde flytting til Folkeregisteret, Posten mm.
    • Hjelpemiddel bør vere på plass før innflytting.
    • Dersom du ikkje lenger støttar krava, vil tenesta bli evaluert.

    Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer

    • Inn- og utflytting av omsorgsbustader.
    • Nedvask av omsorgsbustader.
    • Andre tenester må søkjast om i tillegg.

    Forventningar til tenesteytar

    • Tenesteytar opptrer respektfullt i møte med tenestemottakar.
    • Tenesteytar setter seg inn i vedtak.

    Forventningar til tenestemottakar

    • Vi forventar at tenestemottakar har vurdert nødvendige utbetringar av eigen bustad før ein søkjer omsorgsbustad.
    • Det vert forventa at tenestemottakar har vurdert å kjøpe eller leige funksjonell bustad på den private marknaden, men at dette ikkje har ført fram.
    • Tenestemottakar opptrer respektfullt i møte med tenesteytar.
    • Gjer seg kjend med vedtak.

Kontakt

Lene Engebø
Leiar for tildeling
E-post
Telefon 97 99 18 03