Trinn 3 - 4.3.15 - Bustad - korttidsleige

Lovheimel

Klageveg

Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.

KPR/IPLOS-registrering

Ja. IPLOS tenestetype 29 – Bolig som kommunen disponerer for helse- og omsorgsformål. IPLOS kapittel 12 – Boligopplysninger – beboer har inngått husleigekontrakt og betaler husleie.

Eigenbetaling

Ja. Brukar betaler eigenandel for husleige, praktisk bistand, vask av privattøy, leige av sengetøy og handkle og fullkost etter ein kvar tid gjeldande følgjer gjeldande «gebyr og betalingssatsar i Kinn».

Mål for tenesta/føremål

Gje innbyggjarane eit midlertidig butilbod dersom ein av ulike helsemessige årsaker ikkje kan opphalde seg i eigen heim. 

Kriterium for tildeling

  • Tildeling er mellombels med til og frå dato.
  • Tildeling av teneste skjer på bakgrunn av søknad som vert handsama av tildelingseininga og som resulterer i einskildvedtak.
  • Personar med samtykkekompetanse må sjølv ønske tenesta.
  • Alle andre tiltak lågare på omsorgstrappa skal vere utprøvd.
  • Søkar har helsesvikt og/eller er fysisk eller psykisk funksjonshemma.
  • Akutt behov for ein midlertidig tilrettelagt bustad.
  • Behov for nærleik til helsepersonell for ein periode som ikkje kan gjevast i eigen heim.

Praktiske opplysningar

Tenestemottakar må sjølv dekke transport til/frå.

Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer

  • Inn- og utflytting av omsorgsbustader.
  • Nedvask av omsorgsbustader.
  • Andre tenester må søkast om i tillegg.

Forventningar til tenesteytar

  • Tenesteytar opptrer respektfullt i møte med tenestemottakar.
  • Tenesteytar setter seg inn i vedtak.

Forventningar til tenestemottakar

  • Det er forventa at tenestemottakar vurderer å kjøpe eller leige funksjonell bustad på den private marknaden dersom behov etter avslutta opphald.
  • Tenestemottakar opptrer respektfullt i møte med tenesteytar.
  • Gjer seg kjend med vedtak.

Merknad

  • Allhuset i Eikefjord – To møblerte hyblar med felles bad, stove og kjøkkenkrok. Bad inneheld institusjonsbadekar og dusj. 
  • Hus A i Eikefjord – To møblerte hyblar med kjøkkenkrok, eige bad og toalett. Huset har stort fellesareal med stove og kjøkken.
  • Skaretun I  – Eit gjesterom med eige toalett/dusj.
  • Markegata 55 -  Møblert bustad med kjøkkenkrok, eige bad og toalett. Huset har stort fellesareal med stove og kjøkken.