Trinn 3 - 4.3.13 - Praktisk bistand daglege gjeremål - opplæring

Lovheimel

Klageveg

Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.

KPR/IPLOS-registrering

Ja. IPLOS tenestetype 2 Praktisk bistand- opplæring-daglege gjeremål. IPLOS kapittel 4 – Funksjonsvariablene.

Eigenbetaling

Ja. Brukar betaler eigenandel for praktisk bistand daglege gjeremål - opplæring, og følgjer gjeldande «gebyr og betalingssatsar i Kinn».

Mål for tenesta/føremål

At tenestemottakar med dette tenestetilbodet i stor grad skal kunne meistre daglege gjeremål og halde ved like funksjonar og/eller tileigne seg ny kunnskap med opplæring og tilrettelegging.

Tenesta skal bidra til at brukarar vert mest mogeleg sjølvhjelpen i dagleglivet.

Kriterium for tildeling

  • Vedtak om opplæring skal tidsavgrensast ut i frå ei individuell vurdering og evaluering.
  • Førebygge behov for andre tenester.
  • Kvardagsmeistring og rehabilitering skal vurderast før noko anna.
  • Innhente dokumentasjon frå eventuelt lege, fysio- og/eller ergoterapeut.
  • Søkar må ha eit særleg hjelpebehov som følgje av sjukdom, funksjonshemming, alder eller anna.
  • Heilskapleg vurdering av familien sin situasjon.
  • Personar med samtykkjekompetanse må sjølv ynskje tenesta.
  • Kommunen kan ta omsyn til eigen ressurs- og personalsituasjon ved val av tildeling av tenester og organisering av desse.

Praktiske opplysningar

  • Opplæring til å meistre praktiske gjeremål som t.d. skifte på seng, ta inn/ut av oppvaskmaskin, vaske golv og vaske klede.
  • Tenesta vektlegg aktiv brukarmedverknad med mål om at brukar vert sjølvhjelpen.
  • Heimen må vere best mogleg tilrettelagd for å gje opplæring.
  • Omfang og type tenester vert vurdert etter individuelle behov og kva som er fagleg forsvarleg.
  • Brukar må bu eller opphalde seg i kommunen.
  • Dersom potensialet for opplæring ikkje er tilstade må ein søke tenesta praktisk bistand.

Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer

Praktisk bistand inkluderer ikkje nedvask, reingjering av vindauge. Storopprydding, hagearbeid, hente ved, bringe bossdunkar til/frå veg, hente post og snømåking. 

Ved start av teneste blir det gjort ei vurdering om det er nødvendig med nedvask og opprydding. Kostnaden må brukar dekke sjølv.

Forventningar til tenesteytar

  • At du og heimen din blir behandla med respekt.
  • At du får ein kontaktperson som du kan kontakte ved behov.
  • At dei tilsette har kompetanse.
  • Vi gir beskjed om det ikkje er mogleg å komme til avtalt tid.

Forventningar til tenestemottakar

  • At brukar eller andre i hustanden er heime når vi kjem.
  • At du er positiv til å prøve ut ny teknologi som kan hjelpe deg med at kvardagen din vert enklare og meir sjølvstendig.
  • At du gir beskjed til oss i god tid om du ikkje treng hjelp eller du skal reise vekk.
  • At du lufter godt inne om du røyker, og at du ikkje røyker rett før vi kjem.
  • At du gir tilbakemelding dersom behovet ditt endrar seg og/eller du ikkje er fornøgd med tenestene du får.