Trinn 3 - 4.3.12 - Praktisk bistand dagleg gjeremål

  • Lovheimel

    Klageveg

    Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.

    KPR/IPLOS-registrering

    Ja. IPLOS-tenestetype 1 Praktisk bistand-daglege gjeremål. IPLOS kapittel 4 – Funksjonsvariablene.

    Eigenbetaling

    Ja. Brukar betaler eigenandel for praktisk bistand, og følgjer gjeldande «gebyr og betalingssatsar i Kinn».

    Mål for tenesta/føremål

    • Gje hjelp til praktiske gjeremål i tenestemottakar sin heim.
    • Brukar skal klare seg i eigen bustad med nødvendig hjelp, slik at behovet for plass i institusjon vert unngått eller utsett.

    Kriterium for tildeling

    • Førebygge behov for andre tenester.
    • Brukar skal klare seg i eigen bustad med nødvendig hjelp, slik at behovet for plass i institusjon vert unngått eller utsett.
    • Kvardags- meistring og rehabilitering skal vurderast før noko anna.
    • Søkjar må ha eit særleg hjelpebehov som følgje av sjukdom, funksjonshemming, alder eller anna.
    • Innhente dokumentasjon frå eventuelt  lege, fysio- og/eller ergoterapeut.
    • Har problem med å ivareta daglege gjeremål i heimen.
    • Som eit avlastande tiltak for pårørande med særleg tyngjande oppgåver.
    • Heilskapleg vurdering av familien sin situasjon, når søkar bur saman med funksjonsfriske.
    • Personar med samtykkjekompetanse må sjølv ynskje tenesta.

    Praktiske opplysningar

    • Brukar skal klare seg i eigen bustad med nødvendig hjelp, slik at behovet for plass i institusjon vert unngått eller utsett.
    • Dersom brukar ikkje er i stand til å utføre oppgåver som m.a. hente ved, bossdunkar til/frå veg, hente post og snømoking må det lagast avtale med pårørande/andre der dette er mogleg.
    • Kommunen kan ta omsyn til eigen ressurs- og personalsituasjon ved val av tildeling av type tenester og organisering av desse.

    Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer

    Praktisk bistand inkluderer ikkje

    • nedvask
    • støvsuging
    • reingjering av vindauge
    • storopprydding
    • hagearbeid
    • hente ved
    • bringe bossdunkar til/frå vei
    • hente post
    • snømåking med meir

    Ved start av teneste blir det gjort ei vurdering om det er nødvendig med nedvask og opprydding. Kostnaden må brukar dekke sjølv.

    Forventningar til tenesteytar

    • At du og heimen din blir behandla med respekt.
    • At du får ein kontaktperson som du kan kontakte ved behov.
    • At dei tilsette har kompetanse.
    • Vi gir beskjed om det ikkje er mogleg å komme til avtalt tid.

    Forventningar til tenestemottakar

    • At brukar eller andre i hustanden er heime når vi kjem.
    • At du er positiv til å prøve ut ny teknologi som kan hjelpe deg med at kvardagen din vert enklare og meir sjølvstendig.
    • At du gir beskjed til oss i god tid om du ikkje treng hjelp eller du skal reise vekk.
    • At du lufter godt inne om du røyker, og at du ikkje røyker rett før vi kjem.
    • At du gir tilbakemelding dersom behovet ditt endrar seg og/eller du ikkje er fornøgd med tenestene du får.

Kontakt

Lene Engebø
Leiar for tildeling
E-post
Telefon 97 99 18 03