Trinn 1 - 4.1.7 - Temadag aktiv aldring

Lovheimel

Dette er ikkje ei lovpålagt teneste. Tenesta inngår som ein førebyggande og helsefremmande teneste etter helse- og omsorgstjenesteloven §3-3.

Klageveg

Det kan ikkje klagast på tenesta.

KPR/IPLOS-registrering

Nei.

Eigenbetaling

Nei.

Mål for tenesta/føremål

Gi innbyggjarane råd og tips til å kunne bu lengst mogleg heime.

Kriterium for tildeling

Eit tilbod til alle i kommunen som fyller 70- år det aktuelle året.

Praktiske opplysningar

Blir gjennomført ein gang for året, med eit møtepunkt i Florø og eit i Måløy. På temadagen vil du få informasjon om ulike tema, som t.d. aktivitetstilbod i kommunen, branntryggleik, ernæring, fysisk aktivitet, bustadtilrettelegging og teknologihjelp. 

Det blir servert lunsj til alle deltakarar. Invitasjon vert sendt ut til alle som fyller 70 år det aktuelle året. Påmeldingsinformasjon vert og lagt ut på kommunen si heimeside. Ektefelle eller ein ven er velkommen med deg.

Forventningar til tenestemottakar

Melde seg på temadagen, anten hos kommunen sitt servicekontor eller elektronisk via kommunen si heimeside.