Trinn 1 - 4.1.5 - Få besøk/hjelp til å bli aktiv

Lovheimel

Dette er ikkje ei lovpålagt teneste. Tenesta inngår som ein førebyggande og helsefremmande teneste etter helse- og omsorgstjenesteloven §3-3

Klageveg

Det kan ikkje klagast på tenesta.

KPR/IPLOS-registrering

Nei.

Eigenbetaling

Nei.

Mål for tenesta/føremål

Dette er eit tilbod til deg som ønskjer å få ein besøksven og/eller sosialt fellesskap med andre, anten gjennom ope arrangement og kulturtilbod, via deltaking i faste aktivitetar eller i ein organisasjon

Mål:

  • Motverke einsemd og isolasjon.
  • Oppleve meining og meistring i eigen kvardag.

Kriterium for tildeling

  • Dette er eit tilbod til deg som ønsker sosialt fellesskap med andre, anten ein-til-ein eller i lag med fleire.
  • Alle over 18 har rett på å få ein kartlegging av samfunnskoordinator for å finne ut ynskje og behov ein har.

Praktiske opplysningar

Ta direkte kontakt med samfunnskoordinator. 

Forventningar til tenesteytar

  • Alle som er frivillig besøksven underteiknar teieplikt og får tilbod om kurs.
  • Avdekkjer kva behov og ønskjer brukar av tilbodet har.
  • Informerer om dei ulike tilboda i kommunen.

Forventningar til tenestemottakar

  • Det forventast at tenestemottakar opptrer respektfullt.
  • Det skal leggast til rette for triveleg samvær (ein-til-ein).

Merknad

Meir informasjon finn du på heimesidene: