Trinn 1 - 4.1.4 - Møteplass i Selstadgården/Skaretun/Kulatoppen

Lovheimel

Dette er ikkje ei lovpålagt teneste. Tenesta inngår som ein førebyggande og helsefremmande teneste etter helse- og omsorgstjenesteloven §3-3.

Klageveg

Det kan ikkje klagast på tenesta.

KPR/IPLOS-registrering

Nei.

Eigenbetaling

Nei.

Mål for tenesta/føremål

Dette er eit tilbod til deg som ønsker sosialt fellesskap

Mål:

  • Motverke einsemd og isolasjon.
  • Oppleve meining og meistring i eigen kvardag.
  • Kunne bu lengre heime.

Kriterium for tildeling

Dette er eit tilbod til alle seniorar som bur heime.

Praktiske opplysningar

  • Møteplass er annankvar veke på Selstadgården og på Skaretun – Raudeberg.
  • Møteplass er kvar måndag på E-fløy på Kulatoppen.
  • Det er servering av kaffi, allsong, varierte kulturinnslag og god prat.
  • Det er Vågsøy frivilligsentral som har ansvar for gjennomføring.

Forventningar til tenesteytar

  • Gje eit godt tilbod til brukargruppa.
  • Alle sektorar i kommunen må jobbe med å informere om tilbodet til seniorar som bur heime.
  • Ha god marknadsføring.

Forventningar til tenestemottakar

  • Det forventast at tenestemottakar opptrer respektfullt.
  • Det skal leggast til rette for triveleg samvær.

Merknad

Meir informasjon finn du på: