Trinn 1 - 4.1.3 - Ope hus i Florø

Lovheimel

Dette er ikkje ei lovpålagt teneste. Tenesta inngår som ein førebyggande og helsefremmande teneste etter helse- og omsorgstjenesteloven §3-3.

Klageveg

Det kan ikkje klagast på tenesta.

KPR/IPLOS-registrering

Nei.

Eigenbetaling

Nei.

Mål for tenesta/føremål

Dette er eit ope kultur- og aktivitetstilbod til deg som ønskjer sosialt fellesskap.

Mål:

  • Motverke einsemd og isolasjon.
  • Oppleve meining og meistring i eigen kvardag.
  • Kunne bu lengre heime.

Kriterium for tildeling

Dette er eit tilbod til alle som bur heime og av ulike årsaker har fri på dagtid.

Praktiske opplysningar

Ope hus er eit tilbod i Florø. Tilbodet vert gitt kvar veke på torsdag.

Tilbodet vert koordinert av LEVVEL-team. Bibliotek, Florø pensjonistlag, Florø kyrkje og Kystmuseet er med som samarbeidspartar. Samarbeidspartane har ansvar for kvar sine arrangement. Dette for å kunne gje eit mangfald av kulturuttrykk og ulike arenaer, slik at vi kan nå flest mogleg.

Forventningar til tenesteytar

  • Lage gode arrangement, som er opent for alle.
  • Alle sektorar i kommunen må jobbe med å informere om OPE HUS.
  • Ha god marknadsføring.

Forventningar til tenestemottakar

  • Det er forventa at tenestemottakar opptrer respektfullt.
  • Det skal leggast til rette for triveleg samvær.