Lovheimel
Dette er ikkje ei lovpålagt teneste. Tenesta inngår som ein førebyggande og helsefremmande teneste etter helse- og omsorgstjenesteloven §3-3.
Klageveg
Det kan ikkje klagast på tenesta.
KPR/IPLOS-registrering
Nei.
Eigenbetaling
Nei.
Mål for tenesta/føremål
Målet er å skape gode kulturopplevingar og deltaking i aktivitet og fellesskap.
Aktivitet, deltaking og sosialt fellesskap er viktig for alle, og er ein føresetnad for å kunne ha så god helse og funksjon som mogleg.
Kriterium for tildeling
Alle kan finne sine aktivitetar som passar. Aktivitetane er arrangert gjennom lag og organisasjonar, nokre gjennom kommunen og noko i samarbeid på tvers.
Praktiske opplysningar
Aktivitet og fellesskap har mange arenaer
- Lag og organisasjonar
- Kulturarrangement
Forventningar til tenesteytar
Lag og organisasjonar
- Skal prøve å gje god informasjon om arrangement og faste tilbod.
- Leggje til rette opne møteplassar med låg terskel for deltaking.
Kommune
- Motivere innbyggjarane til deltaking.
- Ha kunst og kulturopplevingar av høg kvalitet.
Frivilligsentralane
- Motivere lag og organisasjonar til å vere aktive.
- Kurs / kompetanse om frivillig arbeid.
- Motivere til ein bredde av lag og organisasjonar i kommunen.
Forventningar til tenestemottakar
- Gjer seg kjend med kultur- og aktivitetstilbod.
- Ved deltaking skal ein legge vekt på at det er hyggeleg samvær.
Merknad
Les meir på desse heimesidene: