Lovheimel
Klageveg
Nei - Det kan ikkje klagast på førebyggande teneste.
Ja - Det kan klagast på individuell vurdering og behandling. Klage etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2 med klagefrist 4 veker jf. §7-5.
KPR/IPLOS-registrering
Nei.
Eigenbetaling
Nei.
Mål for tenesta/føremål
- Ergoterapi vektlegg tidleg innsats, habilitering og rehabilitering. Fokuset er aktivitet, deltaking og meistring som sikrar at fleire kan leve eit aktivt liv lengst mogleg og i sosialt fellesskap.
- Ergoterapi set person, aktivitet og omgjevnadar i samanheng.
- Ergoterapi har ressursorientert tilnærming, med fokus på kvardagsmeistring og å avdekke brukar sine viktigheitsområde.
- Ved ergoterapi førebygge og eller reduserer ein vanskar med aktivitetsutføring, sikrar meistring av kvardagsaktivitet og deltaking på ulike samfunnsarenaer.
Kriterium for tildeling
Ergoterapi skal i samarbeid med tenestene tilby ergoterapi på tre nivå
- Individ
- Gruppe
- Samfunnsnivå
For å få individuell ergoterapi kan du ta direkte kontakt eller bli tilvist gjennom tildelingskontor, lege, institusjon med bakgrunn i at du har utfordring med ein dagleg aktivitet.
Praktiske opplysningar
Ergoterapeuten arbeider individuelt med brukarar, med gruppe og med større arrangement som temadagar, pårørandeskule (med fleire) og i samarbeid med andre.
Ergoterapeuten jobbar og med kompetanseoverføring, kursing og rettleiing av målretta bruk av kvardagsaktivitet til brukar, pårørande og tenesteytarar.
Tilrettelegging av bustad inngår i arbeidet.
Merknad
Du kan lese meir om fysio- og ergoterapi her.