Trinn 1 - 4.1.1 - Middagsven

Lovheimel

Dette er ikkje ei lovpålagt teneste. Tenesta inngår som ein førebyggande og helsefremmande teneste etter helse- og omsorgstjenesteloven §3-3.

Klageveg

Det kan ikkje klagast på tenesta.

KPR/IPLOS-registrering

Nei.

Eigenbetaling

Nei.

Mål for tenesta/føremål

  • Oppleve matfellesskap
  • Auka matlyst/ernæring
  • Auka livskvalitet

Kriterium for tildeling

  • Det forutset at du er kunde hjå Bordgleder eller har tildelt tenesta matombringing.
  • Du kan få ein gratis middag i veka som du kan ete i lag med nokon du kjenner. Det kan til dømes vere ein i familien, ein nabo eller ein frivillig.

Praktiske opplysningar

  • Dersom du ønskjer ein gratis middag, kontakt: Bordgleder, tlf. 90 94 77 35.
  • Dersom du ønsker bistand til å finne nokon å ete lag med kontakt samfunnskoordinator tlf. 97 99 18 02.
  • Tilbodet kan variere.

Forventningar til tenesteytar

  • Tenesteytar opptrer på ein respektfull måte.
  • Legge til rette for at tenestemottakar får den særskilde tilrettelegginga ein har behov for.

Forventningar til tenestemottakar

  • Gjer seg kjend med ordninga.
  • Ved besøk skal ein legge vekt på at det er hyggeleg samvær.