SvangerskapsomsorgaLytt til tekstenStopp avspillingVi gjev tilbod om kunnskapsbasert svangerskapsomsorg, for å bidra til ein helsefremjande livsstil, eit normalt svangerskap, ein naturlig fødsel og ei trygg barseltid for den nye familien.Jordmor og fastlege er ansvarspersonar i eit tverrfagleg samarbeid, og skal sikre eit samanhengande og differensiert tilbod.Du må sjølv bestille time til svangerskapskontroll. Svangerskapsomsorga er eit gratis tilbod. Timebestilling - Kinn helsestasjon, avd. Florø Jordmor er på kontoret måndag- fredag kl. 08:00-15:30. Timebestilling: 57 74 00 04.Jordmortelefon: 416 35 117.Ta med Helsekortet og urinprøve (morgenurin) til alle konsultasjonar.Dersom du ønsker det, kan du bestille time for tidleg samtale. Vi legg til rette for at du får time seinast ei veke etter at du har teke kontakt.Vi har tilbod om svangerskapskurs.Jordmor gjev tilbod om tidleg heimebesøk seinast 3 virkedagar etter heimkomst frå barsel.Jordmor i Florø gjev tilbod om ettersamtale 6-8 veker etter fødsel. Du må sjølv bestille time til dette. Timebestilling for gravide i Måløy Jordmor er tilstade i Måløy frå juni 2024 tilstade på helsestasjonen. For timebestilling ring tlf. 90 01 67 94, eller 95 41 14 20.God Start på NordfjordeidPå God Start er det jordmor i vakt 24/7. For timebestilling hos jordmor kan du ta kontakt med God Start på Nordfjordeid telefon: 57 86 40 00. God Start tilbyr svangerskapskontrollar, ammepoliklinikk, med ammerettleiar kvar onsdag. I tillegg vil det vere ammekurs og fødselsførebuande kurs. Svangerskapskurs - Florø helsestasjon Svangerskapskurs "Tid for endring" - Kinn helsestasjon avd. Florø (PDF, 4 MB)Å meistre sin eigen fødsel (PDF, 5 MB)Barsel og amming - det fjerde trimesteret (PDF, 3 MB) Nyttige nettstadar https://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/svangerskapsomsorgen https://helsenorge.no/gravid https://helsenorge.no/rettigheter/rett-til-tolkhttps://helse-forde.no/avdelinger/kirurgisk-klinikk/kvinneklinikken https://www.tryggmammamedisin.no/ https://ammehjelpen.no/ https://www.stinesofiesstiftelse.no/foreldrepakke https://www.helseoversikt.no/ https://landsforeningen1001dager.no/ Publisert 20.09.2019 09.02 Sist endra 04.09.2024 09.13