Skjema for tilvising til fysio- og ergoterapi
Felles for fysio- og ergoterapitenesta
Fysio- og ergoterapeutar kan bidra med:
- Kartlegging av brukar sin situasjon uavhengig av alder
- Trening i daglege aktivitetar
- Tilpassing av bustad og miljø
- Kompensering av tapt funksjon, til dømes ved bruk av tekniske hjelpemiddel
- Rettleiing og informasjon
- Tett samarbeid med andre faggrupper generelt, og spesielt i høve hab-/rehabiliteringspasientar
- Tilpassing og oppfølging av tekniske hjelpemidler
Du vil bli kontakta ved oppstart av tilbodet, og vil få tilbakemelding om kva omfang på tilbodet du kan vente deg. Det er ikkje naudsynt med tilvising frå lege, så her kan du ta kontakt direkte for timeavtale.
Fysioterapi
Fysioterapi kan bli gjeve både for å førebygge og for å behandle sjukdom eller skade.
Eigendel for brukarar over 16 år
Frå 01.01. 2019 kjem kommunale fysioterapeutar til å krevje eigendel for sine tiltak til brukarar over 16 år, til liks med dei privatpraktiserande fysioterapeutane, jf Forskrift om stønad til dekking av utgifter til fysioterapi m.m.
Eigendel vert teke etter staten sine statsar, jf. Forskrift om egenandelstak 2 (eigenandelstak 1 gjeld for lege, pasientreise m.m.). Frikort til brukar blir sendt automatisk frå Helfo når taket på eigendel er nådd.
Private fysioterapeutar
Vi har private fysioterapeutar med driftsavtale. Dei tek imot alle grupper og gjer ei vurdering av behandlingsbehov. Ein treng ikkje henvisning frå lege, men tek direkte kontakt for timeavtale.
Ergoterapi
Ergoterapeutar jobbar med menneske som har vanskar med å meistre daglege gjeremål. Dei bidreg med behovskartlegging, trening, tilpassing av bustad, rettleiing og informasjon.