Frisklivsresept
Frisklivssentralen tilbyr strukturert, tilpassa og tidsavgrensa oppfølging for å bistå deg i å nå dine mål for ei betre helse og livskvalitet. Tema for frisklivsresepten kan være blant anna fysisk aktivitet, trening, meir energi og/eller kosthald, alt det som vil gje deg ei betre livskvalitet.
Oppfølginga startar med ein helsesamtale der ein saman legg ein plan for kva mål og aktivitetar Frisklivsresepten skal innehalde. Vi ser på dine mål og ynskjer for di helse, utforskar dei styrkar og ressursar du allereie har, og eventuelle utfordringar som gjer det vanskeleg å komme i gang. Saman skal vi finne små eller store grep som er realistiske for deg.
Frisklivsresepten varar i 3 md. og kostar 300,-.
Bra mat for betre helse
Dette er kurset for deg som treng motivasjon, inspirasjon og støtte til ei varig endring av matvanar og kosthald.
Kursets innhald:
BraMat kurs bygger på dei nasjonale kostråda frå Helsedirektoratet. Kurset tar føre seg tema som kostråda og kven skal ein stole på, sunnare matvareval, korleis auke inntak av frukt og grønt, næringsinnhald, salt og sukker, måltidssamansetning, mat og følelsar, motivasjon.
Målet med kurset er at du skal kome i gang med endring av matvanar og få verktøy som du kan nytte for å oppretthalde desse. Det blir både teoretiske og praktiske oppgåver.
Dette kurset er ikkje behandlingsfokusert, og kan ikkje erstatte individuell rettleiing frå autorisert helsepersonell. Diettar og kaloriteljing er ikkje et tema her. Kurset gir deg en introduksjon i endring av levevanar og forslag til korleis du kan bygge eit godt kosthald med vanlege matvarer.
Kurs i Florø
- Oppstart: Tysdag 13.01.26 kl 16.30-18.30
- Vidare kursdatoar: 27.01, 10.02., 24.02, 10.03., 24.03 og 28.04.
OBS: Ein må kunne stille på alle kursdatoane.
- Stad: Sunnfjord medisinske senter, kantina i 3 etg.
Antal plassar: 12 stk. Første mann til mølla ved påmelding. - Eigenandel: 100 kr
- Påmeldingsfrist: 06.01.26
Påmelding: Påmelding til frisklivsrettleiare Silje Vadøy og Therese H. Slack på telefon 95710063 / 95710057 eller e-post kinn-friskliv@kinn.kommune.no
Kurs i Måløy:
Kurs i Måløy blir annonsert seinare