Folkehelse i Kinn

Folkehelsearbeidet skal fremme befolkinga si helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å førebygge psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding. 

Folkehelsearbeidet skal vere kunnskapsbasert, og ny teknologi skal takast i bruk der det er relevant. Arbeid for god helse er eit mål i seg sjølv og ein av samfunnet sine viktigaste ressursar. 

Folkehelsearbeidet går for seg i stort sett alle sektorar og på alle forvaltingsnivå. Difor må frivillig sektor, ideelle organisasjonar, næringslivet og offentlege myndigheiter samarbeide om innsatsen.

Faktorar som påverkar helsa 

Helsa blir påverka av grunnleggande forhold som levekår og oppvekstvilkår, arbeid og arbeidsmiljø, bumiljø og andre miljøfaktorar.  

Det må leggast til rette for at alle barn og unge skal få ein god start i livet, for eit inkluderande arbeidsliv med trygge og helsefremmande arbeidsplassar, og for aktiv og trygg aldring.  

Det er viktig å legge til rette for eit samfunn som styrkar innbyggarane sine moglegheiter til å ta ansvar for eiga helse, trivsel og meistring.

Investering for betre liv og berekraftig samfunn

Satsing på folkehelsearbeid er ei grunnleggande investering for betre liv og eit berekraftig samfunn, og det er nødvendig for å nå berekraftsmåla til FN, der god helse er eit av måla. 

God helse er ein føresetnad også for andre mål, som for eksempel eit produktivt arbeidsliv, effektiv læring og overskot til å bidra i frivillig arbeid.    

Sjukdom og låg funksjonsevne medfører påkjenningar og kostnader både for den enkelte og for samfunnet i form av helse- og omsorgstenester, sjukefråvær og redusert livskvalitet.

I Folkehelsemeldinga — Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar (Meld.St. 15 (2033-2023) presenterer regjeringa den samla innsatsen for å fremje betre folkehelse og god livskvalitet i befolkninga. Meldinga er regjeringa sin strategi for å utjamne sosiale helseforskjellar. Folkehelsemeldinga har seks hovudinnsatsområde:

  • dei samfunnsskapte vilkåra for god helse, levevanar
  • førebygging av ikkje-smittsame sjukdommar
  • psykisk helse og livskvalitet
  • vern mot helsetruslar og rett til eit sunt miljø
  • kommunikasjon og innbyggardialog
  • førebyggande arbeid i helse- og omsorgstenesta

Regjeringa vil gje auka prioritet til folkehelsepolitikken. For å lykkast med dei breie folkehelsetiltaka skal regjeringa forsterke innretninga i det systematiske folkehelsearbeidet.

Folkehelsetilstand i Kinn kommune

Kommunen skal ha oversikt over helsestilstanden i befolkinga og kva faktorar som kan verke inn. Folkehelseoversiktsdokumentet for Kinn kommune skal hjelpe oss til å gjere gode vurderingar i det langsiktige og strategiske folkehelsearbeidet.

Folkehelseoversikt for Kinn kommune

Folkehelseinstituttet utarbeider årleg ein folkehelseprofil for alle kommunar og fylker. 
Folkehelseprofil for Kinn kommune 2022 kan du sjå her

Lovar og reglar som er aktuelt: Folkehelseloven

Folkehelseavdelinga

Kinn kommune er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid mellom Askvoll, Bremanger, Fjaler, Hyllestad, Høyanger, Solund, Sunnfjord og Stryn kommunar. Arbeidet vert utført av folkehelseavdelinga i kommunedirektøren sin stab. Samarbeidet skal bidra til å oppfylle kommunane sitt ansvar til innbyggjarane i høve miljøretta helsevern, smittevern og førebyggande samfunnsmedisinsk rådgjeving/folkehelse.

Sjå heimesida til folkehelseavdelinga her

Kontakt

Elisabeth Solheim
Leiar folkehelseavdelinga, folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 75 61 94
Mobil 97 52 58 14

Besøksadresse
Strandgata 30, 6905 Florø

Postadresse
Postboks 294, 6701 Måløy

Birte Sandal Rikstad
Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 97 58 47 47

Besøksadresse
Gate 1 64, 6700 Måløy

Postadresse
Postboks 294, 6701 Måløy