Informasjon om fastlegeordninga i KinnLytt til tekstenStopp avspillingHer finner du informasjon om fastlegeordninga i Kinn kommune, og korleis du går fram for å bytte fastlege. FastlegelisterHELFO oppdaterer fastlegelistene, denne blir oppdatert kvar 1. i månaden.Du kan søke deg inn på lista til dei fastlegane som har ledig plass. Leger som har ledige plassar på si fastlegeliste finn du under «Bytte fastlege» på helsenorge.no.Du kan søke om fastlege i den kommunen du ønsker.Kontakt legevakta ved behov for akutt hjelpTa kontakt med eit legekontor direkte for time.Ring 116117 dersom det hastar.Er det akutt ring 113 .Legevakta er open heile døgnet, men det er ulikt kor legevakta er stasjonert utifrå kva tid på døgnet det er.Måndag til fredag på legekontoret 08.00–16.00.Kveld/natt og helg er det legevakt på Nordfjordeid eller hjå Florø legevakt.Legevakta kan ikkje nyttast for reseptfornying eller forlengast av sjukemelding.Legegruppa SMS i FlorøMåløy legekontor Publisert 14.09.2023 10.57 Sist endra 06.03.2025 08.51