Ressurssenter for demensramma i MåløyLytt til tekstenStopp avspilling Ressurssenter for demensramma i Måløy er eit dagtilbod for deg som bur i eigen heim, åleine eller saman med pårørande, og som har fått påvist ei demensdiagnose. Dagtilbodet har ope kvar måndag-fredag frå kl. 10.00-15.00 og er lokalisert i Vågsøy omsorgssenter i Måløy. Det kan leggast til rette for transport til og frå senteret, og du kan ete både frukost og middag ved senteret kvar dag. Gå til søknadsskjema for dagtilbod Kva kan vi hjelpe deg med på dagtilbodet? Vi er opptekne av deg som menneske og at du skal få auka din livskvalitet på ein måte som er tilpassa deg og dine behov. Det er til ei kvar tid personale tilstades som kan hjelpe deg medan du er ved senteret. Vi vil kvar dag jobbe for å gje deg eit hyggeleg fellesskap ilag med andre, der du får bidra med det du ønsker så langt du klarer. Kva kan du forvente av tenesta? Du kan forvente å bli teken imot av eit personale som ønsker deg vel, og som har erfaring og kompetanse innan demenssjukdom og miljøretta arbeid. Vi vil samarbeide så godt som råd med dei andre tenesteytarane i kommunen for å gje deg eit så godt tilpassa og koordinert tilbod som mogleg. Du kan sjølvsagt forvente at personalet ved senteret har teieplikt og at vi ivaretek denne. Du kan forvente at du får ta del i ulike aktivitetar innan til dømes dans, musikk, litteratur, forming, fysisk og kognitiv trening, matlaging og aktivitetar knytta til årstider/høgtider. Du kan òg forvente at vi vil strekke oss langt for å tilrettelegge for andre aktiviteter du måtte ønske. Ved Ressurssenteret vert du tilbydd og oppmuntra til å delta, men det vil alltid vere du sjølv som avgjer kva du skal delta på eller bidra med. Dette forventar vi av deg Det vert forventa at det vert gjeve tilstrekkeleg informasjon om dine ønsker og behov, både ved oppstart av tenesta og ved eventuelle endringar undervegs. Dette for å kunne tilpasse og tilrettelegge tenestetilbodet best mogleg for akkurat deg. Ein ber òg om at det vert gjeve beskjed til senteret dersom du reiser vekk eller ikkje kan kome til senteret til avtalt tid. Slik behandlar vi søknaden din Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan avgjerast innan 4 veker skal du ha skriftleg melding om dette, med opplysingar om når du kan vente at det vert gjort vedtak i saka. Vurdering Vi kartlegge søknaden din før du får svar. Sakshandsamar vil kontakte deg for å snakke med deg om søknaden og avtale eit heimebesøk. Når det vert gjort vedtak i saka vil det i vedtaket gå fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta omfattar. Du skal alltid få ei grunngjeving om det kan tenkast at du er ueinig i vedtaket. Dersom du ikkje får denne grunngjevinga, og du er misfornøgd med vedtaket, kan du få ei slik grunngjeving ved å kontakte leiar for tildeling. Dette må skje innan 3 veker etter du har mottatt brevet. Kva kostar tenesta? Sjølve aktivitetstilbodet er gratis. Du betalar for måltid og transport til/frå om du treng det. Middag m/dessert kr 126 Transport kr 39 t/r Frukost kr 22 Du betalar kun for dei transportane du faktisk nyttar og dei måltida du et, men middagen må avbestillast 4 dagar før for å unngå faktura. Du vil få tilbod om å få middagen frakta heim ved fråver frå Ressurssenteret. Ved akutt sjukehusinnleggelse gjeld fakturafri avbestilling frå dag 1. Alle kostnadar knytt til aktivitetstilbodet vert samla i ein faktura ein gong pr. mnd. Du kan klage på vedtaket Klaga skal sendast: Kinn Kommune v/ Tildeling helse og velferdstenestar, postboks 294, 6701 Måløy. Kontaktinformasjon Her finn du kontaktinformasjon for ressurssenteret Lover og retningsliner Prinsipp og kriterium for tildeling av tenester i Kinn kommune Pasient og brukarrettighetslova Publisert 06.02.2023 10.56 Sist endra 07.02.2023 12.56