Dagtilbod på Allhuset i EikefjordLytt til tekstenStopp avspillingTilbod om dagaktivitet i Eikefjorden er per i dag lokalisert til Allhuset i Eikefjorden. Tilbodet må søkast på, og blir innvilga om ein stettar krav i Helse og omsorgstjenesteloven. Gå til søknadsskjema for dagtilbod Kven kan søke plass på dagaktivitet? Det er eit mål at innbyggarar i Kinn skal ha meiningsfulle kvardagar. Eit tilpassa tilbod på dagtid bidreg til ein aktiv og meiningsfylt kvardag i fellesskap med andre. Tilbodet har inga aldersgrense eller andre begrensningar. Tilbodet blir utforma etter den einskilde sitt behov og ynskje. Kva kan vi hjelpe deg med på dagtilbodet? Det vil til ein kvar tid vere personale tilstades som vil hjelpe deg medan du er hos oss. Du vil få tilbod om ein meiningsfylt kvardag med faste rutinar og sosialt samvær i saman med andre. I tillegg kan du få delta på tilrettelagte aktivitetar, til dømes forming, fysisk aktivitet og kreativ utfolding. Aktivitetane blir tilrettelagt og tilpassa etter ditt funksjonsnivå. Det er utarbeida vekeplanar som beskriv desse aktivitetane. Eksempel på aktivitetar kan vere: fast trim aktivitetar ute tilpassa vær sangstund bingo matlukt- baking/matlaging v/ Bordgleder 2 gonger per månad open kafe i regi av Lev Vel konsertar frå ulike grupper/musikkterapeutar Vi tek omsyn til interesser og ferdigheiter, humør og dagsform, og skreddarsyr ditt tilbod etter samtalar med deg og dine pårørande. Kva kan du forvente av tenesta? Du kan forvente å bli teken imot av eit personale som ønsker deg vel, og som har erfaring og kompetanse med miljøretta arbeid. Vi vil samarbeide så godt som råd med dei andre tenesteytarane i kommunen for å gje deg eit så godt tilpassa og koordinert tilbod som mogleg. Du kan sjølvsagt forvente at personalet ved dagtilbodet har teieplikt og at vi tek i vare denne plikta. Dette forventar vi av deg Som deltakar på dagtilbodet vert det forventa at du deltek på ulike sosiale aktivitetar. Ein ber òg om at det vert gjeve beskjed til oss dersom du reiser vekk eller ikkje kan kome til avtalt tid. Dette for å kunne legge til rette for eit best mogleg tilbod til deg. Om du gjer melding om fråver slepp du å betale for transport og måltid denne dagen. Slik behandlar vi søknaden din Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan avgjerast innan 4 veker skal du ha skriftleg melding om dette, med opplysingar om når du kan vente at det vert gjort vedtak i saka. Vurdering Vi kartlegg søknaden din før du får svar. Sakshandsamar vil kontakte deg for å snakke med deg om søknaden og avtale eit heimebesøk. Når det vert gjort vedtak i saka vil det i vedtaket gå fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta omfattar. Du skal alltid få ei grunngjeving om det kan tenkast at du er ueinig i vedtaket. Dersom du ikkje får denne grunngjevinga, og du er misfornøgd med vedtaket, kan du få ei slik grunngjeving ved å kontakte leiar for tildeling. Dette må skje innan 3 veker etter du har mottatt brevet. Kva kostar tenesta? Sjølve aktivitetstilbodet er gratis. Du betalar for måltid og transport til/frå om du treng det. Middag m/dessert kr 126 Transport kr 39 t/r Frukost kr 22 Du betalar kun for dei transportane du faktisk nyttar og dei måltida du et, men middagen må avbestillast 4 dagar før for å unngå faktura. Du vil få tilbod om å få middagen frakta heim ved fråver. Ved akutt sjukehusinnleggelse gjeld fakturafri avbestilling frå dag 1. Alle kostnadar knytt til aktivitetstilbodet vert samla i ein faktura ein gong pr. mnd. Du kan klage på vedtaket Klaga skal sendast: Kinn Kommune v/ Tildeling helse og velferdstenestar, postboks 294, 6701 Måløy. Lover og retningsliner Prinsipp og kriterium for tildeling av tenester i Kinn kommune Pasient og brukarrettighetslova Publisert 06.02.2023 10.43 Sist endra 04.09.2024 11.38