Dagtilbod for menneske med utviklingshemmingLytt til tekstenStopp avspillingDagsentertilbod til psykisk utviklingshemma rettar seg til deg over 18 år som ikkje har andre aktivitetstilbod på dagtid som til dømes vidaregåande skule, arbeid eller tilpassa aktivitet i eigen bustad.Gå til søknadsskjema for dagtilbod Kven kan søke plass på dagsenter? Det er eit mål at alle personar med utviklingshemming skal ha tilbod om meiningsfulle aktivitetar. Eit tilpassa tilbod på dagtid bidreg til ein aktiv og meiningsfylt kvardag i fellesskap med andre. Kva kan vi hjelpe deg med på dagsenteret? Det vil til ein kvar tid vere personale tilstades som vil hjelpe deg medan du er på senteret. Du vil få tilbod om ein meiningsfylt kvardag med faste rutinar og sosialt samvær i saman med andre. I tillegg skal du få bruke dine ferdigheiter og ressursar til å delta på tilrettelagte aktivitetar. Vi tek omsyn til interesser og ferdigheiter, humør og dagsform ut frå dine ønsker. Her kan du delta på til dømes forming, fysisk aktivitet, kreativ utfolding og produksjon av varer og tenester. Aktivitetane vert tilrettelagt og tilpassa etter ditt funksjonsnivå. Kva kan du forvente av tenesta? Du kan forvente å bli teken imot av eit personale som ønsker deg vel, og som har erfaring og kompetanse med miljøretta arbeid. Vi vil samarbeide så godt som råd med dei andre tenesteytarane i kommunen for å gje deg eit så godt tilpassa og koordinert tilbod som mogleg. Du kan sjølvsagt forvente at personalet ved senteret har teieplikt og at vi tek i vare denne plikta. Dette forventar vi av deg Ein ber òg om at det vert gjeve beskjed til senteret dersom du reiser vekk eller ikkje kan kome til senteret til avtalt tid. Dette for å kunne legge til rette for eit best mogleg tilbod til deg. Slik behandlar vi søknaden din Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan avgjerast innan 4 veker skal du ha skriftleg melding om dette, med opplysingar om når du kan vente at det vert gjort vedtak i saka. Vurdering Vi kartlegger søknaden din før du får svar. Sakshandsamar vil kontakte deg for å snakke med deg om søknaden og avtale eit heimebesøk om det vert vurdert som naudsynt i høve til søknaden du har levert. Når det vert gjort vedtak i saka vil det i vedtaket gå fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta omfattar. Du skal alltid få ei grunngjeving om det kan tenkast at du er ueinig i vedtaket. Dersom du ikkje får denne grunngjevinga, og du er misfornøgd med vedtaket, kan du få ei slik grunngjeving ved å kontakte leiar for tildeling. Dette må skje innan 3 veker etter du har mottatt brevet. Kva kostar tenesta? Opphald på dagsenter for psykisk utviklingshemma er gratis. Du kan klage på vedtaket Klaga skal sendast: Kinn Kommune v/Tildeling helse og velferdstenestar, postboks 294,6701 Måløy. Lover og retningsliner Prinsipp og kriterium for tildeling av tenester i Kinn kommune Pasient og brukarrettighetslova Lov om kommunale helse- og omsorgstenester Publisert av Henrik Ulriksen Publisert 25.05.2020 11.02 Sist endra 22.01.2025 11.00