Rettleiar - Tilrettelegging for rednings- og sløkkemannskap i Kinn kommune

8 Vassforsyning utandørs

Plassering av sløkkevatnuttak i forhold til byggverk og angrepsvegar

Brannhydrant/brannkum skal plasserast innanfor maks 50 meter frå inngangen til hovedangrepsveg, jf. VTEK17 § 11-17 andre ledd. Brannvesenet føretrekker brannhydrantar i Måløy og ein glidande overgang til brannhydrantar i Florø og Eikefjord.

Florø/Eikefjord har i dag brannkummer i forskjellige typer. Vi ønsker gradvis å gå over til brannhydrantar som blir raskare og tryggare å betene. For store bygningar med fleire angrepsvegar i tillegg til hovudangrepsveg, bør det vere brannhydrant/brannkum innan 50 meter frå inngangen til desse. Det må ikkje plasserast kummer eller hydrantar nærare enn 2 meter frå oppstillingsplass. Slangeutlegg frå sløkkevatnsuttak til bil og frå bil til angrepsveger målast i brøyta veg. For sløkkevatnuttak som er plassert nærare bygning enn 25 meter må det vurderast om dette er tilstrekkeleg beskytta mot strålevarme eller fare for nedfall frå fasade eller tak. Det skal ikkje vere meir enn 50 + 50 meter slangeutlegg frå hydrant/brannkum til alle deler av fasadane. Med dette meinast 50 meter frå hydrant/brannkum til brannbil og vidare 50 meter til fasade. Det må minimum bereknast eit vatnforbruk på 20 l/s i småhusbebyggelse og minimum 50 l/s fordelt på minst to uttak i anna bebyggelse. Med to uttak meinast to brannkummer /brannhydrantar innanfor avstandskrava eventuelt ein brannhydrant med to uttak. Større vassmengde må vurderast i forhold til objektet sin storleik og brannbelastning. All vassforsyning må kunne nyttast uavhengig av årstid og ha minst 60 minutters kapasitet.

Brannhydrantar – generelt

Brannhydrantar må plasserast slik at dei er godt synleg frå inngang til brannvesenet sine angrepsvegar i bygningen og slik at dei er lett tilgjengelege – også på vinterstid. Knekkpunkt på hydrant skal vere i flukt med bakken. Brannhydrant må ha to vassuttak med 65 mm NOR lås 1 med separat stengeventil for kvart uttak.

Brannkummar – generelt

Brannkummar må plasserast på areal som ryddast for snø på vinterstid, for eksempel køyrevegar og gangvegar. Brannkummar må derimot ikkje plasserast på biloppstillingsplassar eller liknande. Brannkum må merkast tydleg med kumskilt på stolpe eller fasade i umiddelbar nærleik til kummen. Dette skiltet må vise retning og avstand. Alle brannkummar skal ha stige/stigetrinn. Brannkummar bør vere utstyrt med teleskopisk brannventil utstyrt med 65 mm NOR lås 1 slik at påkopling kan skje over bakkenivå.

Sløkkevatnuttak på private vassleidningar

Sløkkevatnuttak tilknytt private vassleidningar bør utførast som brannhydrantar. Slike uttak er ikkje alltid vist på kommunen sitt vassleidningskart og er ofte dårleg merka, vedlikeholdt og mangelfullt brøyta om vinteren. Dersom det er tenk at brannvesenet skal nytte desse må dei merkast etter normal standard.

Sløkkevatnuttak med begrensa vassmengde

Ved prosjektering av sløkkevatn frå for eksempel vassbasseng, tank og liknande må det tydleg merkast med vassmengde og trykk.