9 Vassforsyning innandørs
Med bakgrunn i brannvesenet sin sløkkeinnsats i bygg må alle deler av ein etasje kunne nåast med maksimalt 50 meter slangeutlegg. Avstand reknast frå nærmaste brannskille.
Stigeleidning/tørropplegg
Stigeleidning/tørropplegg må reknast hydraulisk. Tilkoblingspunkt til stigeleidning/tørropplegg må vere på bakkeplan og i umiddelbar nærleik til inngang til brannvesenet sin angrepsveg, og bør vere plassert på utsid av bygningskroppen. Tilkoblingspunktet må dessutan vere tydeleg merka og vere plassert slik at det er lett synleg frå inngang til brannvesenet sin angrepsveg. Tilkoplingspunktet må merkast med kva sone/areal die dekker, og kva inngangstrykk som er nødvendig for å oppnå tilstrekkeleg vassføring på uttaka.
Det skal vere uttak på stigeleidning/tørropplegg i alle etasjar over bakke-/inngangsplanet som er plassert der det er mest hensiktsmessig, vanlegvis i trapperom. Koplinger må vere innretta slik at slangar kan koplast på utan å komme i konflikt med bygningskonstruksjonar eller liknande. Koplingar skal vere av type Ø 65 mm NOR Lås 1 og det må vere tilstrekkeleg plass for å kunne bruke koblingsnøklar.
9.1. Beskyttelse mot hærverk/sabotasje
Stigeleidningen/tørropplegget sitt tilkoblingspunkt og uttak må plasserast i låsbare skap for beskyttelse mot hærverk og sabotasje. Slike skap må merkast godt med etterlysande skilt. Skapdører ved uttak i kvar etasje skal vere gjennomsiktige for enkelt å kunne kontrollere at ventiler (kuleventiler) er stengt.
9.2. Kriterier for hydraulisk berekning
For hydraulisk berekning av stigeleidning/tørropplegg i må det leggast til grunn ett nødvendig vanntrykk på innvendig uttak til sløkkevatn på minimum 6 bar ved 500 l/min.(ref. røykdykkerveil.) Maksimalt utgangstrykk frå pumpe på brannbil ved 500-750 l/min er 12 bar. Er det over 50 meter frå oppstillingsplass for brannbil til påkobling stigeleidning/tørropplegg må trykktapet i slangar takast med i den hydrauliske berekninga.
Reglar for fastsettelse av vassføring (l/min) i stigeleidning/tørropplegg framgår av VTEK17 § 11-17 andre ledd. Der det er nødvendig med våtopplegg i høge bygningar vil det normalt vere nødvendig med eit trykk på 6 bar i uttaka på stigeleidningen. Det kan då vere nødvendig med trykkreduksjonsventiler (eventuelt andre tekniske løysingar) for å sikre at trykket ikkje blir uforholdsmessig høgt i dei lavare etasjane.
Feil plassering av uttak og påkoplingar
Koplingar må vere plassert minst 1 meter over golv/terreng. Koblingar bør vere 45° nedad retta, alternativt horisontalt retta, for å unngå knekk på slangar. Det må vere eigen ventil for drenering av tørropplegg ved tilkoplingspunktet på bakke/inngangsplanet. Lavaste punkt på tørropplegg bør vere ved tilkoplingspunkt. Tørropplegg bør kunne drenerast slik at det ikkje forårsaker vatnsøl i bygning eller isdanning utanfor inngangsparti på vinterstid.