Rettleiar - Tilrettelegging for rednings- og sløkkemannskap i Kinn kommune

2 Tilgjengelegheit fram til og rundt bygningar

For store bygningar bør det tilretteleggast køyrbar adkomst rundt heile bygget. Det same gjeld bygningar som har loft, oppfora takkonstruksjon eller brennbar isolasjon i takkonstruksjon. Køyrevegar og oppstillingsplassar for brannvesenet sine køyretøy bør ha funksjon som køyre- og/eller gangvegar med fast dekke. Dette for å sikre snømåking på vinterstid. Armert gras er ikkje  eigna på grunn av vintervedlikehald. Låste bommar, pullertar og liknande som kan forseinke brannvesenet sin innsats må avklarast i kvart tilfelle. Der det ikkje tilretteleggast for køyrbar adkomst rundt heile bygningen må køyreveg etablerast slik at slangeutlegg frå brannbil ikkje er meir enn 50 meter til nokon del av bygningen sin fasade. Det må gjerast tiltak for å unngå at parkering av bilar og liknande hindrar brannvesenet sin bruk av køyrevegar og oppstillingsplassar.

Oppstillingsplassar må markerast/skiltast i begge ender av plassen der nødvendig breidde på oppstillingsplassen er angitt på skiltet. Dette for å sikre snørydding, og der ein oppmoda om at det ikkje vert parkert bilar eller andre gjenstandar på plassen. Det er eigar sitt ansvar å etablere ordning for å handheve parkeringsforbodet. Der det er oppstillingsplass over dekke (for eksempel dekket over parkeringskjeller) som er spesielt dimensjonert for brannvesenet sine køyretøy må det visast til kva for last som dekket er berekna for, kvar det kan køyrast, og kvar det kan stillast opp høgde redskap.

Rygging med brannvesenet sine køyretøy skal i størst mogleg grad unngåast. Blindvegare skal difor utstyrast med snuplass tilpasset våre køyretøy. For rette strekningar utan hinder, kan blindveg på inntil 50 meter aksepterast utan snuplass. For utforming av vendhammer eller snuplass, se skisse.

Dimensjonerande krav til utforming av vendhammer: Type køyretøy A B C R1 R2 Mannskapsbil 4,0 m 11,0 m 11,0 m 5,0 m 8,0 m Lift/høgderedskap 4,0 m 13,0 m 18,0 m 10,0 m 10,0 m 
Utforming av vendhammer:

Bilde viser ei skissert utforming av ein ein vendkammer - Klikk for stort bilete