Rettleiar - Tilrettelegging for rednings- og sløkkemannskap i Kinn kommune

10 Parkeringskjellarar/garasjeanlegg

Merking av angrepsvegar

Der det er tilrettelagt for innsats i parkeringskjellarar frå fleire angrepsvegar for å oppretthalde krav om maksimal lengde på slangeutlegg, anbefalast det monterte strobelys ved kvar angrepsveg slik at nærmeste angrepsveg til brannen er lett å lokalisere. Alle angrepsvegar må merkast tydleg.

Utlufting av røyk frå parkeringskjellarar

Parkeringskjellarar utan mekanisk røykventilasjon må ha moglegheit for utlufting av røyk/tilluft via opning (luke/sjakt/dør) minimum 2 m2 hensiktsmessig plassert i forhold til innkøyringsport. Dette for å sikre effektiv gjennomlufting ved bruk av brannvesenet sine vifter for utlufting av røyk. Dører til rømningsvegar i bygget skal ikkje reknast som utluftingsareal.

Elbilar

Det visast til rettleiarane: «Elbil - lading og sikkerhet, utgitt av DSB mars 2017» og «Lading av elektriske biler – planlegging og prosjektering av ladeinstallasjoner».