13 Orienteringsplan og detektorplan-informasjon
Brannvesenet ser det som hensiktsmessig at brannalarmanlegget sin o-plan og byggverket sin orienteringsplan etablerast som ein og same plan. Dette vil bl. a. hjelpe brannvesenet sine mannskap til raskast mogleg å finne fram til riktig detektor når brannalarmen er utløyst. O-planen skal utførast etter følgande kriterier:
- Ved siden av brannalarmsentral og eventuell undersentral/brannmannspanel skal det finnast orienteringsplanar og ana informasjon for brannmannskapene. Det skal vere O- orienteringsplan for kvar enkelt etasje og med etikett som viser etasjetall. Dette gjer det enkelt for rednings- og sløkkemannskap å finne riktig teikning. Det bør vere to sett med laminerte orienteringsplanar i A3 format liggande – ett sett til vedkommande som betener brannalarmsentralen og ett sett til vedkommande som undersøker årsak til utløyst alarm ein anna stad i bygget.
- Ein o-plan skal vere lettlest og informativ, og ikkje ha meir informasjon enn høgst nødvendig for raskast mogleg å finne fram til utløyst detektor.
- O-planen skal vere opphengt på vegg ved brannsentral. I større bygg der det er fleire brannsentralar (slave-sentralar) skal det finnast eit komplett sett ved kvar sentral.
Orienteringsplan ved den enkelte brannalarmsentral må ha referansepunkt som viser:
- Kvar i bygningen man er.
- Brannkummer/-hydrantar.
- Angrepsvegar for brannvesenet til bygningen.
- Trapperom i bygningen.
- Fareområder i bygget, f.eks. områder med oppbevaring/bruk av farlege stoff.
- Plassering av sprinklersentral, tavlerom, ventilasjonsrom, fyrrom og stoppekraner.
- Viktige branntekniske konstruksjonar og installasjonar/utstyr.
Eventuelle deteksjonssoner eller sløyfer skal framkome ved at detektorar er merka med riktig sone/sløyfenummer. Adresserbare detektorar skal merkast med nummer både på o-plan og på sjølve detektoren.
Detaljinformasjon for kvart rom, som areal, laust inventar og målsetting skal ikkje vere med.
O-planen skal delast opp i rutenett (akser) med koordinat-system:
Horisontalt = tall, vertikalt = bokstavar.
Det er området mellom akser som skal nevnast, og ikkje sjølve aksen.
Det bør fortrinnsvis brukast eit ark for kvar etasje. I store bygg der o-planen må delast opp i fleire ark (seksjonar), må dette framkome klart på o-planen sitt lille oversiktskart. (f.eks kjøpesenter, sjukehus, industri og institusjonar)
Det skal alltid finnast eit lite oversiktskart på kvar o-plan for å vise plassering av bygget i forhold til gater og omkringliggande bygningsmasse. På komplekse bygningsmasser skal det finnast ein større oversiktsteikning som viser aktuelt område brannsentral og o-plan.'