Rettleiar - Tilrettelegging for rednings- og sløkkemannskap i Kinn kommune

1 Føremål og verkeområde

Rettleiaren er utarbeida for å komplettere krava om tilrettelegging for rednings- og sløkkemannskap gitt i gjeldande byggeteknisk forskrift og ytelsane beskrevet i tilhøyrande rettleiing. Denne rettleiinga beskriv brannvesenet sine dimensjoneringskriterier og dei tiltak som brannvesenet vurderer som nødvendige for å ivareta funksjonskrava i byggeteknisk forskrift. Brannvesenet skal ikkje gi aksept eller samtykke i byggesaker. Ansvarleg prosjekterande må hente informasjon om dimensjoneringskriterier for adkomstveg og oppstillingsplass for brannvesenet sine bilar. Rettleiinga gjeld for regulerings- og byggesaker i Kinn kommune. Rettleiinga kan også nyttast for eksisterande bygningar der det er ønske/krav om betre tilrettelegging for rednings- og sløkkeinnsats. Ved spørsmål til denne rettleiinga oppfordrast det til å ta kontakt med Kinn brann og redning, førebyggande avdeling.