Rettleiar - Tilrettelegging for rednings- og sløkkemannskap i Kinn kommune

5 Berbar stige

Der det er behov for assistert redning med brannvesenet sine stigar, bør man berre unntaksvis basere seg på manuelle/berbare stigar. Manuelle stigar er farlege både for dei evakuerande og brannpersonellet, og er tidkrevande. Redningsarbeidet tar dermed lang tid og sinkar brannsløkkinga. Assistanse med manuelle stigar krev at terreng er planert og fritt for hindringar 3,5 meter ut frå vegg. Oppstillingsvinkel for stige er 75 grader og manuelle stigar har rekkevidde maks 10 meter frå terreng til overkant rekkverk eller underkant vindu.