Feiing på hytte

Tidlegare var det slik at hytteeigar sjølv skulle syte for at pipe og skorstein blei kontrollert og feia regelmessig. No medfører det at alle hytter skal feiast/ kontrollerast på lik line med hus.

Det blir også slik at den einskilde hytteeigar får ein meldeplikt til det lokale brannvesen vedkomande tilstand på pipe og fyringsanlegg, og om det har blitt installert ny eldstad. Den medfører at hytter skal feiast/ kontrollerast på lik line med hus, og det er feiaren si risikovurdering som avgjer kor tid og kor ofte.

Gebyr

Kommunestyret fastset årlege gebyrsatsar for lovbestemt feiing og tilsyn med fyringsanlegg. Gebyrfastsettinga er basert på prinsippet om sjølvkost.

Gebyrplikta er normalt ikkje knytt til tidspunktet for kor tid feiing og tilsyn vert gjennomført, men gjeld for feieperioden - uansett kor i perioden tenesta vert utført.

Gebyrfritak

Føresetnaden for gebyrfritak er at fyringsanlegg ikkje er i bruk. Feiar skal føre tilsyn med at fyringsanlegget ikkje er i bruk og er tilfredsstillande sikra mot bruk.  Tilfredsstillande sikra mot bruk skal vere eit fysisk skille av den varmeproduserande eininga (ildsted) og skorsteinen. Dette skal skje ved å fjerne røykrøyrstilkoplinga og mure igjen holet i skorsteinen. Når tilfredsstillande sikring er gjennomført og kontrollert av feiaren, skal ein ikkje betale gebyr.

Det er eigar eller brukar av fyringsanlegget som har ansvaret for å melde feiarvesenet om:

  • At fyringsanlegget ikkje er i bruk
  • At det vert ønska fritak for feiing (søknadsskjema for fritak av feiing og feiegebyr skal nyttast)
  • Å tilpasse fyringsanlegget slik at det ikkje kan nyttast for oppvarming

Obs! Ein skorstein vert rekna for å vere i bruk dersom det står minst ein eldstad tilknytta skorsteinsløpet i ein etasje.

Dersom eigar eller brukar ikkje melder i frå om installasjonen eller tilkopling av eldstad, kan kommunen kreve etterbetaling for feiing og tilsyn for inntil 3 år.