Farlege stoff

Når ein privatperson eller ei verksemd oppbevarer farleg stoff over ei viss mengde, skal dette meldast til DSB via Altinn.

Meldegrensene for dei ulike farlege stoffa finn du i Forskrift om handtering av farleg stoff.

Meldegrense for enkelte vanlege stoff er:

  • Brannfarleg gass kategori 1 og 2: 0,4 m3 (f.eks. hydrogen, LPG (propan, butan eller blandingar av desse), biogass, LNG (flytande naturgass), acetylen)
  • Giftig gass kategori 1, 2 og 3: 0,4 m3 (f.eks. klor, ammoniakk, svoveldioksid)
  • Brannfarleg væske kategori 1 og 2: 6,0 m3 (f.eks. metanol, etanol, bensin)
  • Diesel og fyringsoljer: 100 m3 (f.eks diesel, gassolje, lett fyringsolje)

Skjema for innmelding av farlege stoff finn du i Altinn eller på DSB sine heimesider.