Kinn Kommune

Aktuelt

23.06.2022 08.43

Branntryggleik i burettslag og sameige

Branntryggleik i burettslag og sameige

Det er styret som har det overordna ansvaret for at branntryggleiken i burettslag og sameige er god, og det er pålagt å gjennomføre systematisk arbeid med tryggleik.

Helse-, miljø- og sikkerheit (HMS) er lovpålagt gjennom “Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter” (også kalla internkontrollforskriften). Forskrifta gjeld også burettslag, sameige og vel, representert ved styret. Det vil seie at styret skal kartlegge kva for ulykker og uønska hendingar som kan inntreffe, og gjennomføre tiltak for å hindre at slikt skjer.
 
Styret skal kjenne krava til branntryggleik som gjeld for bygningsmassen, og ha kunnskap om bygningsdeler, installasjoner og utstyr som skal oppdage brann eller avgrense konsekvensane av brann. Styret har også ansvar for at bebuarane er kjent med krav og eigenskapar ved byggverket som har betydning for branntryggleiken.
 
Styret er pålagt å gjennomføre systematisk arbeid med tryggleiken. Det betyr mellom anna ettersyn av røykdetektorar og sløkkeutstyr i fellesareal, og inspeksjon og ettersyn av fellesinstallasjonar som brannalarmsystem, sprinkleranlegg, felles sløkkeutstyr og røykventilasjon.
 
Alle som bur i eit bygg har ansvar for god branntryggleik. Derfor er bebuarane pliktige til å gi beskjed om det er forhold som gjør at branntryggleiken ikkje er så god som den skal vere.
 
Her kan du laste ned eit arbeidshefte som gir ein oversikt over kva HMS-arbeid i eit bustadselskap inneber.
  • Kvar bustad skal ha varslings- og sløkkeutstyr for brann, og utstyret må fungere. Utstyret må få nødvendig vedlikehald og erstattast ved behov.
  • Rømningsvegane skal haldast opne. Styret må derfor reagere dersom det plasserast ting i trappeoppgangen som gjer at det kan bli vanskeleg å komme seg ut av bygningen.
  • Det er også viktig at biler ikkje parkerast slik at dei hindrar brannbilar i å nå fram til bygningane.

Branninstruks

Instruks for korleis bebuarane skal opptre i tilfelle brann, bør hengast opp på synleg stad i fellesområder. Kvar bebuar bør få ein slik branninstruks. På denne måten sikrar du rask reaksjon, dersom det skulle begynne å brenne.
 
Ein branninstruks bør innehalde følgande:
  • Telefonnummer til brannvesenet
  • Korrekt adresse på eigedomen eller bygningen
  • Oppmøteplass for bebuarane
  • Plassering av sløkkeutstyr
  • Bruk av felles brannalarmanlegg
  • Kvifor det er viktig med ryddige rømningsvegar
  • Orientering om rømningsvegar og eventuelle alternativ

Krav om brannøving for tilsette i burettslag

Burettslag og sameiger skal ha rutine for evakuering og redning dersom det oppstår brann i bygget. Styret må også syte for å utarbeide rutine slik at dei som bur i bygget får tilstrekkeleg informasjon om korleis dei skal unngå brann og opptre ved brann. Dersom bustadselskapet ikkje har tilsette, så er det ingen plikt til å ha brannøving. Det kan likevel vere lurt å gjennomføre dette. I sameige og burettslag som har ansatte, t.d. vaktmester, er dei ansatte pliktige til å gjennomføre brannøving, men som ikkje treng å involvere bebuarane.
 

Gass

Har de gassanlegg i burettslaget/sameiget? Les her om krav og ansvar knytt til dette.