Eigenberedskap - Har du det du treng for å klare deg i minst tre døgn?

Bildet viser eit eigenberedskapslager der ein ser ein radio, fyrstikker, ved, gassbrenner, førstehjelpsskrin, ein stor vanntank, hermetikkbokser, stearinlys, og forskjellige bokser fylt med nøtter, havregryn og ris.  - Klikk for stort bileteDøme på kva type varer du bør ha i heimen din ved ei eventuell krise. Gaute Hjøl Dahle - DSB

Noreg er eit trygt og stabilt samfunn, men vi har dessverre ingen garanti for at akutte og langvarige kriser ikkje skjer. I slike situasjonar må myndigheitene prioritere å hjelpe dei som treng det mest og er derfor avhengig av at så mange som mogleg er sjølvhjelpte i minst tre døgn.

Ver budd

Dei fleste av oss er heilt avhengig av straum i kvardagen; til oppvarming, lys, matlaging, varmtvatn og elektriske apparat. Uvêr, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar kan føre til at mange mister til dømes straum eller vatn, og at det kan bli vanskelegare å få tak i nødvendige varer. Sjansen er kanskje ikkje så stor, men det kan skje. Då bør du vere førebudd. Med eit lite reservelager av det du er mest avhengig av - vatn, mat, medisinar og varmekjelder - er du betre rusta for å klare deg sjølv nokre dagar.

Vurder risiko og sårbarheit i heimen din

Tenk igjennom kva som kan skje, kva konsekvensar kunne det ha fått og korleis nettopp din familie ville ha handtert det. Finn ut kven som kan trenge hjelpa di og korleis du kan bidra. Dersom det er utstyr du planlegg å bruke i ein naudsituasjon, ver kjent med korleis det skal brukast og syt for at det fungerer.

Slik kan du dekkje grunnleggjande behov i tre døgn

Dei grunnleggjande behova som må dekkjast dei første tre døgna av ei krise, er varme, drikke, mat, legemiddel, hygiene og informasjon. Mange av oss har alt ein god del av det vi treng for å klare oss sjølv i nokre dagar, så det er ofte ikkje så mykje som skal til for å kome heilt i mål.

Har de det mest nødvendige på plass slik at de kan klare dykk sjølv i minst tre døgn, er de rusta for å kome dykk gjennom dei fleste kriser. Om krisa blir langvarig, har de med desse førebuingane kjøpt dykk tid og rom til å planleggje vidare. Samtidig bidreg de også til at dei som treng det mest, kan få hjelp først.

Døme på beredskapslager:

  • 9 liter vatn per person
  • to pakker knekkebrød per person
  • ei pakke havregryn per person
  • tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
  • tre boksar pålegg med lang haldbarheit per person
  • nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade
  • medisinar du er avhengig av
  • ved-, gass- eller parafinomn til oppvarming
  • grill eller kokeapparat som går på gass
  • stearinlys, lommelykt med batteri eller parafinlampe
  • fyrstikker eller lighter
  • varme klede, pledd og sovepose
  • førstehjelpspakke
  • batteridriven DAB-radio
  • batteri, ladd batteribank og mobilladar til bilen
  • våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
  • tørke-/toalettpapir
  • sanitærprodukt
  • litt kontantar
  • ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/raudsprit til oppvarming og matlaging
  • jodtablettar ved atomhendingar om du er under 40 år, gravid, ammande eller har barn som bur heime - Les meir hos Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet

Du finn mange gode råd om korleis førebu deg på ulike typar hendingar på sikkerhverdag.no