Atomberedskap

Ved ei atomhending som kan få konsekvensar i vårt område vil Kriseutvalet for atomberedskap kome med råd eller pålegg om korleis vi skal beskytte oss.

Dei viktigaste tiltaka som det vil kunne kome råd om er:

  • Hald deg inne
  • Ta jodtablettar
  • Dusje dersom du er utsett for ureining
  • Følgje kosthaldsråd
  • Respektere myndigheitene sine avgjerder om sperring, reinsing eller evakuering

Jodtablettar - kva kan du gjere?

Jodtablettar av typen Jodix 130 mg kan kjøpast reseptfritt på apoteket, og er ein anbefalt del av eigenberedskapslageret til personar under 40 år. Dei skal berre takast etter at det er gjeve råd om det frå myndigheitene.

Kommunen har eit eige beredskapslager som skal sikre at utsette grupper har tilgang på jodtablettar ved ei atomhending dersom dei ikkje allereie har det heime. Dette gjeld barn og unge under 18 år, gravide og ammande. Kommunen vil sende ut befolkningsvarsel på SMS med informasjon dersom det blir aktuelt å dele ut jodtablettar.

Meir informasjon om atomberedskap finn du på Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) sine nettsider.