Vi skal bygge ny Skram skole til 250 elevar, med integrert gymsal, og moglegheit for eit seinare påbygg som kan romme 150 elevar.
Skisse av korleis bygget vil sjå ut i dagens omgjevnader.Vi har to ulike bildegalleri som viser eksempel på farge- og materialval innvendig og utvendig, og korleis arealet rundt skulebygget er tenkt å bli utnytta. Trykk på ein av dei to punkta nedanfor for å sjå meir informasjon.
Arbeid som må gjerast før bygging kan starte
Det er forventa at skulebygget kan koplast på eksisterande straum og VA-anlegg utan store gravearbeid. Likevel blir det naudsynt med store spreningsarbeid med fleire tusen kubikk masse som må flyttast vekk frå område. Dette vil krevje god logistikk av utførande entreprenør. Difor vil prosjektet ha behov for tilstrekkelege anleggsvegar medan arbeidet pågår.
Publisert 01.10.2024 10.09
Sist endra 02.10.2024 07.40