Det er planlagt å bygge nytt servicebygg på øya Kinn, med sikte på at bygget skal vere ferdig i løpet av 2026.
Kinn kommune kunngjer at søknad for rammeløyve til det nye servicebygget ved Kinn kyrkje er sendt til handsaming. Dette prosjektet markerer eit viktig steg i utviklinga av området, med mål om å betre fasilitetane for både lokalbefolkninga og dei mange besøkande. Bygget vil ikkje berre tilfredsstille dagens krav til komfort og funksjonalitet, men også ivareta den historiske og kulturelle arven som Kinn kyrkje representerer.
Les pressemelding for kunngjering av planar for servicebygget her (ODT, 10 kB).
Samarbeid mellom fleire aktørar
Prosjektet er eit samarbeid mellom Kinn kyrkjelege fellesråd, Kinn sokneråd og vertskapsgruppa til Kinn kyrkje, Kinnaspelet og Kinn kommune.
Publisert 26.11.2024 10.03
Sist endra 27.11.2024 14.29