Ny gymsal ved Florø barneskoleLytt til tekstenStopp avspillingFlorø barneskole er ein gamal skule med gym fasilitetar frå 1930 talet. Desse stetter ikkje lengre dagens krav/forskrift til gymnastikk fasilitetar for ein så stor skule. Per i dag er det 472 elevar ved skulen. Dette prosjektet samkøyrast med reguleringsplanprosjektet for hele området for barneskulen og sjukehustomta. Gymsalen vil også vere viktig med omsyn til den heilskaplege hallkapasiteten i Florø. Gjennomføringsmodell og prosjektfase Prosjektet har no gjennomført analysefasen. Prosjektet har vert gjennomført i tråd med gjennomføringsmodellen for prosjekt i Kinn kommune. Faseinndeling for prosjektet er slik som beskrive i flytskjema under. Klikk på bildet for å gjere det større. Prosjektet har gjennomført del-fasane fram til og med prosjekt analyse. Prosjektet vil gjennom eit eventuelt politisk vedtak om vidare arbeid, oppnå milepåle passeringa M-1(analyse - frys), og så gå vidare i del-fasen programmering. I denne del-fasen vil ein innhente entreprise tilbod for programmering av prosjektet. I prosjektplanen har ein søkt å vise ei oversikt over kunnskapsgrunnlag og politiske føringar som er gjeldande for prosjektet per i dag. Prosjektplanen gjer mandat til det vidare arbeidet og aktivitetar som skal løysast i den komande Analysefasen av prosjektet. Kinn kommune sin årlege vedtekne budsjett og økonomiplan, vil vere styrande for det økonomiske handlingsrommet for realiseringa av prosjektet. Gjennomført arbeid i denne fasen Prosjektgruppa har arbeidd med å analysere, identifisere skulen sitt behov, og dei frivillige organisasjonar v/ idrettsrådet sine behov. Det er også utarbeidd interessent-analyse. Analysen seier noko om skulen sine behov, brukarar, og andre som kan vere interessentar i bruk av gymsalen. Vidare er det gjennomført medverknadsprosessar saman med prosjektet Auka institusjonskapasitet, med folkemøter og møter med prosjekt- og ressursgrupper. Det er komt inn skriftlige innspel frå naboar og andre intresserte/engasjerte. Politiske vedtak 24.01.2023 - Plansak for offentlig ettersyn - Detaljregulering for Hans Blomgate 30-44 15.12.2022 - Økonomiplan og handlingsprogram 2023-2026 16.06.2022 - Detaljregulering for Hans Blom gate 30-44 20.08.2021 - Prosess for gjennomføring av reguleringsplan for sjukehustomta - ny gymsal Florø barneskole 30.10.2018 - Avgrensing av lokasjonsalternativ for hall ved Florø barneskole (PDF, 760 kB) 15.06.2017 - Idrettshall ved Florø barneskole, lokalisering (PDF, 336 kB) 15.11.2016 - Florø barneskole - prinsipp for vidare arbeid med kroppsøvings- og fellesareal (PDF, 331 kB) Publisert 25.01.2023 15.12 Sist endra 30.01.2023 09.00