Eksisterande brannstasjon i Måløy er eit gamalt bygg, som har mange vesentlege manglar, sett opp mot dagens krav til korleis ein brannstasjon skal vere utforma. Arbeidstilsynet har sett krav til at arbeidstilhøva til dei tilsette ved brannstasjonen må utbetrast. Grunngjeving for dette er at arbeidsgjevar plikt til å sikre eit forsvarleg arbeidsmiljø, spesielt knytt til å unngå eksponering av giftig brannrøyk og anna farlege gassar. Fleire vurderingar konkludera med dette berre kan bli oppfylt gjennom å bygge ein ny brannstasjon. Det er krav i frå arbeidstilsynet at ny stasjon må stå ferdig innan utgangen av 2023.
Målet med prosjektet
Målet med prosjektet er å byggje ein ny brannstasjon som stettar krava frå både DSB og Arbeidstilsynet. Det er også viktig at prosjektet gjer grundige vurderingar av både krav og behov. Som følje av kommunen sin “stramme” økonomi, er det viktig å begrense innhaldet i investeringa til kun heilt naudsynte og lov pålagde krav.
Prosjektet skal også arbeide mot at gjennomføringa av prosjektet gir rom for god konkurranse i marknaden, slik at investeringsramma ikkje blir utfordra. Prosjektet skal søke å gje rom for at lokale aktørar kan bidra inn mot realiseringa av prosjektet. Dette inn-forbi ramma som gjel innan offentlege anskaffelsar.
Teneste og kapasitet som er knytt til brannstasjon funksjonen
Brannstasjonen og funksjonane knytt til denne skal ivareta innsatsfaktoren for heile nordre del av Kinn kommune. Denne delen av kommunen utgjer ca. 5500 innbyggarar. I tillegg er det gjort avtale med Stadt kommune om at stasjonen i Måløy skal ivareta brann og redningsteneste for Flatraket og Bryggja som representerer ca. 1000 innbyggarar
Funksjonane knytt til brannstasjonen er som følgande
- Brann og redningsteneste
- Beredskapsteneste
- Førebyggande arbeid
- Feieteneste
Klikk på bildet for å gjere det større
- Prosjektleiar: Knut Reidar Christiansen
- Brannsjef: Kim Hjelle
- Leiar førebygging: Geir Sagevik
- Verneombod: Ingvald Tennebø
- Tillitsvald: Rune Heggen
- FDV bygg: Knut Sigurd Fossheim Johansen
Publisert 20.09.2022 09.27
Sist endra 18.01.2024 11.42