Hovudbrannstasjon i Florø

Det har blitt fjerna 1030 m2 bygninger fjerna frå området på Kringleskjæret, der den nye hovudbrannstasjonen skal plasserast. Området er utfylt og oppfylt med sprengstein for å utvide området.

Status i arbeidet per juni 2026

Arbeidet med den nye brannstasjonen i Florø held fram etter planen. Grunnarbeid, fundamentering og fleire av dei innleiande betongarbeida er gjennomførte, og prosjektet går no inn i ein fase med montering av berekonstruksjonar og ytterveggar.

Gjennom sommaren og hausten 2026 vil det vere mykje aktivitet på byggeplassen. Mellom anna vil arbeidet med vognhall, mellombygg og kontordel vere godt i gang, og frå august blir det montert limtrekonstruksjonar, yttertak og veggelement. Samstundes blir det arbeidd med oljevernlageret og fleire utvendige konstruksjonar.

Eit viktig milepåle blir nådd 15. oktober 2026, då bygget etter planen skal vere tett. Deretter startar uttørking og innreiingsarbeid innandørs. Utover oktober vil det òg pågå utomhusarbeid, etablering av kant langs sjøen og fundamentering av vegg mellom lager og vognhall. Prosjektet følgjer framdriftsplanen, og bygginga av den nye brannstasjonen tek stadig meir form. 

Når anlegget står ferdig, vil det gi moderne og framtidsretta fasilitetar for brann- og redningstenesta i Florø, med kontor og lagringsplass til sivilforsvaret.

Det har vore om lag 10 meter fyllingshøgde og 1555 lass med sprengstein har blitt levert. Utforming av bygget, både innvendig og utvendig, er noko prosjektgruppa jobbar med i dag. 

 

I følgje prosjektplan er det lagt opp til at brannstasjonen skal stå ferdig i april 2027. Anbodskonkurransen vart utlyst 15. desember.

Om prosjektet

Bygging av ny hovudbrannstasjon på Kringleskjæret i Florø.

Byggestad

Florø, Kringleskjæret

Bruttoareal

Om lag 2000 m2 bruttoareal, inkludert område lager til Sivilforsvaret og oljelenselager.

Byggekostnad

Ramme på 112,9 mill. kr.

Byggestart og detaljprosjektering

Under arbeid.

Fullført

April 2027.