Status per 12. januar 2026
Gate 1 er stengt mellom Torget og Riksveg 15 fram til våren, årsaka er at asfalten ikkje kunne leggast før asfaltfabrikken i Førde stengte for produksjon denne sesongen. Det var vurdert å legge annan type asfalt av mindre kvalitet for å opne gata tidligare, men etter ein samla og grundig vurdering vart det bestemt å vente på riktig kvalitet i 2026.
Status no
Overflate/veg:
Anleggsgartnaren er på ferie og skal kome tilbake den 19.01.26 for å fortsette arbeidet med sideareala mellom Torget og Rv15.
VA-anlegg og kabelgrøft:
Ferdigstilt og i prøvedrift.
Komande arbeid
Overflate/veg
Anleggsgartnarane fortset med ferdigstilling av steinbelegg frå Torget til Riksveg 15.
Asfaltering
Asfaltering utførast når produksjon av riktig type av asfalt starter i vår (april).
Opning av Gate 1
Gate 1 blir stengt for biltrafikk fram til siste laget med asfalt blir etablert. Når anleggsgartnarane er ferdig med fortausområda blir gata opna for mjuke trafikantar og fortaua skal vintervedlikehaldast.