Miljøsanering av skytebana ved Litlevatnet

Bildet viser Trygve Ullaland AS v/ dagleg leiar Thor Arne Ullaland og Kinn kommune v/ prosjektleiar Vidar Andersen som signerer kontrakt for miljøsanering av skytebana. - Klikk for stort bileteTrygve Ullaland AS v/ dagleg leiar Thor Arne Ullaland og Kinn kommune v/ prosjektleiar Vidar Andersen Kinn kommune

15. juni 2022 blei prosjekt miljøsanering av skytebana i Florø overlevert frå entreprenør Trygve Ullaland AS til Kinn kommune. 

Entreprenør Trygve Ullaland AS har sidan igangsettingsløve vart gitt 30.11.2021 jobba med å fjerne forureina massar på den gamle skytebana i Florø. Etter 28 veker med intensivt arbeid vart skytebana overlevert til Kinn kommune. 

- Det har vert eit veldig spennande prosjekt å følgje, fortel prosjektleiar Vidar Andersen. Det har vert gode prosessar og godt samarbeid mellom entreprenør, fagkonsulent Norconsult, kommunen og statsforvaltaren gjennom heile prosjektet. 

Ein har i arbeidet blant anna brukt ein XRF måler, som ein setter ned til jorda og som då fortel kor mykje forureining der er. - Entreprenør har hatt ein dedikert person som har arbeida med XRF målaren og som har gjort ein fantastisk jobb. Det er tatt ca 20 000 målingar i perioden, i tillegg er det utført sluttkontroll av jordholdige massar av Norconsult og vassprøver av Kinn Kommune. Vi er blant ein av dei første kommunane som gjennomførar dette, fortel Andersen. 

Arbeidet har gått føre seg på eit område på kring 35 mål, og 8011 tonn med massar frå skytebana er levert til mottak i Balsfjord i Troms og nesten 1000 tonn til Sunnfjord Miljøverk i Sunnfjord.

Om skytebana

Skytebana ved Litlevatnet blei tatt i bruk på 1860-talet. Biletet nedanfor viser 50, 100, 200 og 300 metersbaner. I tillegg var det ei pistolbane vest for desse. Det som her er merka som 300 metersbane blei tidlegare brukt som 400- og 600 metersbane, med skyting frå andre standplassar.

Vi veit at det har vore stor militær aktivitet på skytebana; hæren, heimevernet, sjøheimevernet og spesielt kystvakta har brukt skytebana. Politiet og kystvakta har særleg brukt pistolbana. Tyskarane nytta bana under krigen.

Då det både har vore mangfoldig bruk og landskapet har endra seg mykje sidan banen blei etablert, var det ikkje overraskande at det blei funn av særleg bly i store delar av området, også utanom dei definerte fangvollane som ein ser på biletet. Bruken har gradvis opphørt og blei heilt avslutta i 2017.