I år er stortingsvalet det første valet som blir avvikla etter ny vallov som trådde i kraft 1. mai 2024. Det er ikkje store endringar i høve til den praktiske gjennomføringa, men nokre endringar vil du kanskje merke.
Merkedatoar for valet i år
- Tidlegrøysting skjer frå 1. juli til 8. august
- Ordinær førehandsrøysting skjer frå 11. august til 5. september
- Valdagen er måndag 8. september
Slutt på valkort
Veljarane vil ikkje lenger få valkort i posten. Alle som kan røyste ved stortingsvalet vil i staden få eit digitalt informasjonsskriv frå valgdirektoratet med praktisk informasjon i høve kvar dei kan stemme på valdagen. Innbyggarar som har reservert seg mot digital kommunikasjon med det offentlege vil framleis motta informasjonen per post.
Du kan ikkje endre på røystesetlar
Det er ikkje lenger mogleg å gjere endringar på røystesetelen ved stortingsval.
Publisert 05.02.2025 07.48
Sist endra 10.02.2025 13.05