Bestill tid for heimerøysting

Dersom du på grunn av sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan møte opp og røyste der det vert halde førehandsrøysting, kan du søkje valstyret om å få røyste heime.

Du kan fram til torsdag 4. september kl. 12.00 søke om å røyste heime.

Då ringer du valansvarleg på telefon 57 75 60 00 eller sender skriftleg søknad til:

Kinn kommune
Valstyret
Postboks 294
6701 Måløy

Eller per e-post til post@kinn.kommune.no.