Kinn kommune sine retningsliner for klage på rådgjevande folkerøysting er utarbeidd med utgangspunkt i kapittel 16 i vallova.
Kven kan klage
Alle som har røysterett kan klage over tilhøve i samband med førebuinga og gjennomføringa av den rådgjevande folkerøystinga i kommunen. Dersom klaga gjeld spørsmål om røysterett eller tilgangen til å røyste, kan òg dei som ikkje er mantalsførte fremje klage.
Klagefrist
Klaga må fremjast innan sju dagar etter dagen for folkerøystinga. Klage på oppgjeret må fremjast innan sju dagar etter at oppgjeret er godkjent.
Korleis du kan klage
Klaga skal leverast til kommunen skriftleg og blir handsama av kommunestyret.
Du kan sende klaga di til: Kinn kommune Postboks 294, 6701 Måløy eller per e-post til: post@kinn.kommune.no.
Publisert 26.03.2026 13.28
Sist endra 26.03.2026 13.42