Kven som har rett til å røysteLytt til tekstenStopp avspillingAlle som bur innanfor Skram skole og Raudeberg skule sine skulekrinsar rett til å røyste. Kunngjering av utleggingsmanntal vart gjort den 8. mai, og alle som bur innanfor opptaksområde til skulane per 30. april 2026 og fyller 18 år i løpet av året rett til å røyste. Utleggingsmanntalet finn du på Informasjon og service i Måløy rådhus.Du har rett til å røyste ved skifte av hovudmål i grunnskolen dersom du oppfyller følgande vilkår:Du bur i området som soknar til skolen, jf. opplæringslova § 2-6Du har røysterett etter valglova § 2-2Du er registrert i folkeregisteret som busett i kommunen seinast 30 dagar før røystemøtetI tillegg har følgande foreldre røysterett:Foreldre til barn på 1.–7. trinn ved skolenForeldre til barn som har fått tildelt skuleplass på 1.–7. trinn ved skolenFor å bli ført opp som røystefør forelder, må krav om dette vere sendt til eller meldt til kommunen seinast tre veker etter at røystinga første gong er kunngjort.Søknad om innføring i manntaletBruk følgande elektroniske skjema for å søke om innføring i manntalet til den rådgjevande folkerøystinga.Søk om innføring i manntal til rådgjevande folkerøysting om målform - Skram skole Publisert 26.03.2026 12.37 Sist endra 21.05.2026 07.13