Informasjon om folkerøystinga

Kommunestyret har vedteke å gjennomføre folkerøysting om målform ved Skram skole, med mål om å vurdere overgang frå bokmål til nynorsk frå skuleåret 2027/2028.

Folkerøysting om målform er lovregulert og skal gjennomførast når det blir fremja krav om det, eller når kommunestyret vedtek det. Denne folkerøystinga er oppfølging av vedtak i kommunestyret frå 2022.

Du kan lese kommunestyret sitt vedtak frå 5. mars 2026 her

Kommunestyret vedtok 19. mai at Raudeberg også får røyste

Kommunestyret sitt opphavlege vedtak om folkerøysting opna berre for at dei som soknar til Skram skole sin skulekrins skulle få røyste i den rådgjevande folkerøystinga. Den 19. mai vedtok kommunestyret at også bebuarar innanfor Raudeberg skulekrins får rett til å røyste.

Kvifor gjennomfører vi ei rådgjevande folkerøysting?

Stadig færre elevar på Skram skole nyttar skulen si hovudmålform som er bokmål. I skuleåret 2025-2026 har 85% av elevane ved skulen nynorsk, fordelt på 3 årstrinn.

Dette gjev ein utfordrande undervisningssituasjon for skulen, og er integreringshemmande fordi små grupper med elevar får utfordringar med klassetilhøyrigheit.

Med bakgrunn i at ein stadig større del av elevane ved skulen vel nynorsk, gjorde Kinn kommunestyre slikt vedtak i sak 135/25, punkt 19.

Kva betyr det at røystinga er rådgjevande?

Folkerøystinga er rådgjevande. Det betyr at

  • resultatet gir eit råd frå innbyggarane
  • kommunestyret tek den endelege avgjerda

Det er kommunestyret som avgjer målforma ved skulen etter at røystinga er gjennomført. Dette skjer i kommunestyre sitt møte den 17. november 2026.

Opptelling av røyster etter valdagen

Opptellinga vil skje tysdag 16. juni, dagen etter valdagen. Resultatet vil i kort tid etter dette bli kunngjort.