Slik føregår den rådgjevande folkerøystinga på førehand og valdagLytt til tekstenStopp avspillingFrå 1. juni til 12. juni kan du førehandsrøyste på informasjon og service i Måløy rådhus. Sjølve valdagen er måndag 15. juni. Du må vise fram gyldig legitimasjon med bilde.Førehandsrøysting 1. - 12. juniRøysting går føre seg på informasjon og service i Måløy rådhus frå i kvardagar frå kl. 9.00 - 15.00.Valdag 15. juniRøysting på valdagen skjer også på informasjon og service i Måløy rådhus frå kl. 9.00 - 19.00.Slik røystar duDu kan røyste på valdagen eller i førehandsrøysteperiodenRøystinga skjer skriftleg og med hemmeleg valDet blir lagt til rette med stemmeavlukke og valurneDersom du ikkje kan møte opp, kan du røyste på førehand eller ved brevrøystKva skal du røyste over?På røystesetelen står følgjande spørsmål:«Målform ved Skram skule frå og med skuleåret 2027/2028 vert:»Svaralternativ:BokmålNynorskBlank Publisert 26.03.2026 12.44 Sist endra 26.03.2026 13.42