Ordførar og varaordførar

Kommunestyret valde Bengt Solheim-Olsen (H) som ordførar, og Frank Willy Djuvik (FRP) som varaordførar under konstituerande kommunestyremøte hausten 2023. Her finn du deira kontaktinformasjon.

Ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) Kinn kommune

Bengt Solheim-Olsen (H)
Ordførar

E-post: bengt.solheim-olsen@kinn.kommune.no
Telefon: 90 69 90 57

Bengt Solheim-Olsen er ordførar i Kinn kommune, og vart vald til denne rolla i 2023 etter under det konstituerande møte til det nye kommunestyret. Han har lang politisk erfaring, med medlemskap i Flora bystyre heilt sidan 2007, der han også vart ordførar frå 2011 til 2015. Tidlegare leia han kultur- og oppvekstutvalet i Flora i perioden 2007–2011.

Bengt har djupe røter i lokalsamfunnet i Florø. Før han blei ordførar dreiv han den tradisjonsrike familiebedrifta Sko Olsen AS, som har vore i familien sidan 1897.

(Bilde kjem)

Frank Willy Djuvik (FRP)
Varaordførar

E-post: frank.willy.djuvik@kinn.kommune.no
Telefon: 92 62 69 76

Frank Willy Djuvik er varaordførar i Kinn kommune, og har gjennom mange år vore ein sentral aktør i lokalpolitikken. Han representerer Framstegspartiet og har brei politisk erfaring, blant anna frå tida som medlem av Flora kommunestyre, og Sogn og Fjordane fylkesting.

Djuvik har engasjert seg i ei rekke politiske saker, med særleg fokus på næringsutvikling og offentlege tenester. Han er kjend for sitt klare engasjement for lokalsamfunnet og for å jobbe for ei effektiv og framtidsretta kommune.